Samhandling om lærings- og meistringstilbod til personar med kols

Samhandling om lærings- og meistringstilbod til personar med kols

Publisert: 24. januar 2014.   Endret: 05. januar 2024

Lungerehabilitering som del av lærings- og meistringskurs for personar som har kronisk lungesjukdom, kan bidra til at dei meistrar kvardagen betre.

Lungesykdom COLOURBOX1605974

PSYKOSOSIAL STØTTE: Kols er ein somatisk sjukdom, men å få ein kronisk sjukdom grip inn i korleis ein har det både mentalt og fysisk.

PSYKOSOSIAL STØTTE: Ko...
Kols: kronisk obstruktiv lungesjukdom

Kols har i dei seinare år fått noko meir merksemd i den norske befolkninga. Truleg har mellom 250 000 og 300 000 personar i Noreg kols, men mindre enn halvparten veit at dei har sjukdomen. Det sjølv om mange udiagnostiserte har symptom, vanskar i kvardagen og redusert livskvalitet (Nasjonal faglig retningslinje 2012).

Kols er ein kronisk lungesjukdom som ein ikkje kan bli frisk av, men ein kan gjere livsstilendringar som gjer at ein kan leve betre med sjukdomen. Røykslutt og fysisk trening er dei viktigaste komponentane i lungerehabilitering.

Les meir om kols på helsenorge.no. http://helsenorge.no/Sykdomogbehandling/Sider/KOLS---Kronisk-obstruktiv-lungesykdom/Generelt.aspx

Skrivekurs NAPHA og NK LMS

Forfatter av dette praksiseksemplet er Jorunn Sekse, funksjonsleiar/sjukepleiar, LMS Odda sjukehus Helse Fonna

Teksten et resultat av skrivekurs arrangert i samarbeid mellom NAPHA (Nasjonalt kompetansesenter for psykisk helsearbeid) og NK LMS (Nasjonalt kompetansesenter for læring og mestring.) i 2013.

Deltakerne på kurset formidler erfaring fra organisering av ulike ærings- og mestringstilbud.

Serie: I perioden november 2013 - februar 2014 publiseres tekstene på Naphas kunnskapsbase Psykiskhelsearbeid.no under temaet Læring og mestring og på NK LMS' nettsted mestring.no.

Lungerehabiliteringskurs ved lærings- og meistringssenteret i Helse Fonna HF
  • Gruppetilbod med 10 samlingar à 5 timar. Det går 2 dagar i veka over 5 veker. Det er fysisk trening ved kvar samling.
  • Fysioterapeut har seks minutts gangtest før og etter kurset.
  • Sjukepleiar har samtale med kursdeltakar i forkant og tar spirometri og EKG som vert vurdert av lege.  Bruk av eigenbehandlingsplan er ein del av kursopplegget.
  • Kvar samling har innlegg frå fagperson eller brukarrepresentant frå Landsforeninga for hjerte- og lungesjuke (LHL) og tid til erfaringsutveksling.
  • Brukarrepresentanten er med på planlegging, gjennomføring og evaluering i tråd med arbeidsmåten for lærings- og meistringstilbod.
  • Standardiserte evalueringsskjema frå LMS vert nytta ved evaluering.
  • Pårørande har tilbod om å vere med på delar av kurset.

Tema: Å leve med kols, fysisk aktivitet, avspenning, medisinar og inhalasjonar, angst, samliv, energiøkonomisering, hjelpemiddel, røykslutt, psykososial aktivisering, erfaringsutveksling, evaluering av rehabiliteringsresultat.

Faggrupper representert: Lege, fysioterapeut, ergoterapeut, farmasøyt, sjukepleiar, psykiatrisk sjukepleiar og erfaren brukar

Hovudmåla er å auka mestring, redusere symptom, betre livskvalitet og auke fysisk og emosjonell deltaking i daglege aktivitetar (GOLD 2011).


 [

ARTIKKELFORFATTER: Jorunn Sekse (FOTO: Roald Lund Fleiner/NAPHA)

Mer om

læring.og.mestring praksiseksempler spesialisthelsetjenesten

Les også

Ingen treff...
Aktuelt
Siste fra Kunnskapsbasen