Publisert: 05. november 2014
Gaular

Frå venstre Eirik Skaar Døskeland, ruskoordinator og prosjektleiar, Britt Kyrkjebø Aarbergsbotten, psykiatrisk sjukepleiar og Roger Lundekvam, leiande psykiatrisk sjukepleiar. FOTO: Møyfrid Kjølsdal.

Kjærleik som førebygging

Kjærleik som førebygging

I Gaular kommune i Sogn og Fjordane har dei nyleg starta opp prosjektet "Kjærleik og grenser" for 7. klassingar og deira foreldre.

Barna blir kursa i skuletida, medan foreldra møter opp åtte tysdagskveldar på rad. Blant temaene er rus, digitale medier, vennepress, kommunikasjon, sjølvkjensle, konflikthandtering og stress. Formålet med møtene er refleksjon og bevisstgjering rundt desse temaene.

Både leiarar og tilsette i programmet deltek 4. og 5. november på den årlege samlinga Rusfaglig forum, i regi av Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. Samlinga går føre seg i Førde, med nærmare 80 deltakarar fra kommune- og spesialisthelsetjenesta frå heile fylket.

Prioriterer dei unge

Leiande psykiatrisk sjukepleiar i tenesta for psykisk helse- og rusomsorg, Roger Lundekvam,  fortel at dette er ei bevisst prioritering av midlar til førebygging frå kommunen si side.

-Vi skal ikkje gløyme dei som har eit problem allereie, men vi ønsker å ha meir fokus på dei unge, seier Lundekvam.

Dei opplevde at dei fekk stadig fleire henvendelsar frå unge som strevde. Dei såg eit aukande behov for oppfølging av barn og unge, særleg i helsestasjonen.  

-Barn og vaksne vert sedde i samanheng, og vi har brukt ressursar fra Helsestasjonen, seier Brit Kyrkjebø Aarbergsbotten og ruskoordinator Eirik Skaar Døskeland.

-Vi skal ikkje erstatte helsestasjonen, men vere ein ekstra ressurs, understrekar dei.

Henta frå USA

Aarbergsbotten seier at dei tenkjer på dette som ein start, og håpar at terskelen for å ta kontakt blir lægre for foreldra.

Prosjektet Kjærleik og grenser kjem opprinneleg frå USA. Her i Noreg er det KoRus Sør ved Borgestadklinikken som har vore pådrivar. Dei tilbyr kostnadfri opplæring og gratis materiell til kommunar som vil satse på dette.

Involverer foreldra

-Det treng ikkje alltid å vere dei store tinga dei unge strevar med, men vi ønskjer å sette inn støtet tidligare, seier Aarbergsbotten.

Det unike ved programmet er ifølge henne at det involverer foreldra. Det bidrar til at dei blir meir kjende med barna sine. På denne måten blir det lettare å forstå barna når dei vert ungdommar. Målet er at programmet åpnar nye dører, slik at barna og foreldra klarer å samhandle betre. Det styrkjer også samhaldet mellom foreldra. Programmet kan dermed vere godt førebyggande arbeid når det gjeld både psykiske vanskar og rusvanskar i ungdomstida.

Antall skjenkestader aukar

Torbjørn Åretun, rådgjevar hjå Sogn og Fjordane fylkeskommunen, gjer oss et oversiktbilete for rus og rusmisbruk i Sogn og Fjordane.

Sammenlikna med resten av landet, ligg fylket lågt når det gjeld alkoholomsetnad frå polet. Alkoholbruken blant 13-åringar ligg under landsgjennomsnittet. Også når det gjeld bruk av narkotika og roande midlar, ligg Sogn og Fjordane lægst i landet.

Men fylket ligg på topp i vekst i tal sjenkestader, med ein auke på 3,6 prosent fra 2006 til 2012. Dette gjer førebygging med tanke på ansvarleg alkoholhandtering aktuelt.

-Vårt langsiktige mål er å få førebyggingsperspektivet inn i dei kommunale planane. Sogn og Fjordane har tradisjonelt lege lågt på alle rusindeksar. Men når ein ser auken i sjenkestader som har vore dei siste åra, kan ein tenke seg at utviklinga ikkje blir positiv, seier Bjørg Eikum Tang, rådgjevar hos Fylkesmannen.

-Fagpersonar må bli tøffare

Leiar i rusfeltet sitt samarbeidsorgan Actis, Arne Johanessen, framheva samfunnsproblema som rus skapar. Han hevdar at det ikkje finst noko anna felt der kunnskapen er så tydelig, og politikarane så unnvikande, når det gjeld å setje i gang tiltak.  

-Dei som er fagpersonar må bli tøffare og tore å bruke den faglege kunnskapen for å påverke politikken, seier han i sitt innlegg.

-Vi veit så inderlig vel kva som er skadeleg. Men vi har underkommunisert helserisiko ved rus, og ulykker og valdsbruk forbunde med rus. Vi veit at dette fører til dårleg psykisk helse, men først dei siste åra har det blitt meir fokus på dette. Vi må også ha meir merksemd på kommunane sitt planarbeid. Korleis vert sosial ulikskap i helse sett på dagsorden? Handlingsplanar for bustadsosialt arbeid og ruspolitiske handlingsplanar må ha merksemd på ruspolitiske konsekvensar framfor berre å vere opptatt av servering av alkohol i eit næringspolitisk samanheng. Psykisk helse og rus må vere ein viktig del av folkehelsearbeidet, seier Bjørg Eikum Tang.

-Vi som rådgjevarar hos Fylkesmannen må støtte kommunane i arbeidet med kompetanseheving når det gjeld ansvarleg alkoholhandtering i kommunene, seier Rita Hagen Molvær, også rådgjevar hos Fylkesmannen og arrangør av Rusfagleg forum.

Rita Hagen Molvær og Bjørg Eikum Tang, rådgjevarar hos Fylkesmannen og arrangør av Rusfagleg forum.

Kommenter:

Mer om

nyheter

Les også

Ingen treff...
Aktuelt
Siste fra Kunnskapsbasen