Inn på tunet - ildsjel blant minihestar

Publisert: 06. mai 2015
Oppdatert: 06. mai 2015
Gaular

Linda Rognø, leder i Inn på tunet, blant hunden Hebbe-Lille og fra venstre minihestene Nino, Violetta og Breeze. Foto: Møyfrid Kjølsdal

 

Linda Rognø, leder i I...

Inn på tunet - ildsjel blant minihestar

Kva gjer du når du arbeider med menneske, og får sett på nært hald kor mykje det betyr å gi omsorg, ha ansvar og å vere noko for nokon? Når du ser at sjuke og slitne mennesker får eit nytt glimt i auga og eit heilt anna perspektiv på livet, ved å halde på med noko som kan gje meistring utanfor pasientrolla?

På vestlandsveier som snor seg oppover bygda Sande i Gaular, omkransa av dei utrulegaste fossefall: Her finn vi bergensdama Linda Rognø, som for seks år sidan flytta hit og vart tilbydar i Inn på tunet-ordninga. Ho har bakgrunn frå rusfeltet, og jobba med pasientar med komorbide lidelsar ved Hjellestadklinikken, ei avdeling under Stiftelsen Bergensklinikkene.

-Det var eigentleg pasientane ved Hjellestad som gjorde at eg fekk auga opp for kor utruleg viktig det er å ha noko å leve for, seier ho. Det var gjennom å prate med dei og høyre om deira erfaringar at ho skjønte kor viktig det er å ikkje berre ha fokus på det som er sjukt, vanskeleg og problematisk.

Fantastiske resultat

I tillegg jobba ho deltid saman med ein fysioterapeut på Stend jordbruksskule i Fana. Dei samarbeida tett med SMISO Hordaland, og ein gong i veka hadde dei rideterapi med grupper av brukarar derfra. Det innebar ikkje berre riding, men også stell av hest og kontakt med dyret generelt.

-Berre dei par timane i veka som brukaren var her, satte dei like høgt som individualterapi. Det ga styrke og meistringsfølelse, og dei klarte over tid å kome seg i arbeid, på skule og flytte i eigen bolig. Det var ikkje bare kjekt dei timane dei var der, det ga noko utover det – ein verknad langt utover den tida dei var her, fortel Linda.

Sjølv om vi framleis treng meir forskning på feltet, byrjar effektane av Inn på tunet og dyreassisterte intervensjonar å bli godt dokumenterte. Her i landet er det spesielt fagmiljøet ved Norges miljø- og biovitenskapelige universitet som står i spissen.

Mindfulness i praksis

-Det å bruke dyr i ein betringsprosess er ein smakebit av alt: Ein lærer seg kommunikasjon og kroppsspråk, grensesetjing, vere tydeleg og å bli merksam på eigne kjensler. I tillegg er det
konkrete arbeidsoppgåver som må gjerast kvar dag, mellom anna reingjering og
foring. Arbeidet gjer meining. Dette er også
mindfulness i praksis: Hestar er sensitive vesen når det gjeld kjensler og sinnstilstand hos menneska. Dei lever berre i augneblenken og du må vere tilstades 100 % for å oppnå samhandling. Saman med desse store og små dyra kan ein oppnå store ting - og alt dette ute i naturen, med lys, frisk luft og fysisk aktivitet. Og ikkje minst – du er i kontakt med eit anna vesen, viser omsorg, tar ansvar og meistrer, forklarer ho.

Brukarane fortel sjølve at opplevingane med hestane fungerar som viktige metaforar i dagliglivet. Mange understrekar kor viktig det er å bli møtt for den ein er, og ikkje for diagnosar og hendingar ein har med seg. Fleire fortel at dei har oppdaga ressursar dei ikkje tidlegare visste om. Linda har fått tilbakemeldingar om at å måtte stole på eigne avgjersler, har gjeve erfaringar som dei tar med seg vidare i kvardagen. Tida med hestane har betydd mykje for å bli trygg på seg sjølv når det gjeld skolegang og utdanning.

Forlot fast jobb og hus i Bergen

Linda vart meir og meir klar over at dette måtte ho gjere fullt ut, som eit levebrød. Berre nokre veker etter at ho hadde bestemt seg hadde ho, mannen og to barn kjøpt ein gard i Sogn og Fjordane.

I den augneblenken dei kom inn på garden, visste Linda at her skulle ho bli.

- Eg tek det viss det er greit for deg, hadde ho sagt. - Skal du ikkje sjå på husa då? sa mannen. Og det gjorde dei, men det var altså noko med atmosfæren. Ridebane og stall har etterkvart kome opp, og Linda har blitt godkjend og kvalitetssikra Inn på tunet tilbydar. Hestegarden har blitt ein realitet! På garden finst det både store hestar og minihestar, i tillegg til mange andre dyr. Eit fargerikt fellesskap med plass for alle.

Utfordringar

Kommunen her er positiv til Inn på tunet, og Helse-og sosialsjefen tok kontakt med henne etter berre nokre dagar. Men utfordringa er som vanleg i kommune-Noreg: Mange treng tilbodet, men korleis finansiere og organisere det?

Linda er etablert som næringsdrivande som får oppdrag frå helse- og sosialsektoren, NAV, Bufetat og barnevern, samt frå nokre andre kommunar. Kommunen har ingen forpliktingar til å lønne henne, og ho har ei oppseiingstid på ein månad og sit med heile risikoen sjølv.

Ho har ei avtale for kvar brukar, og når nokre sluttar er det forhåpentlegvis nokre andre som startar opp igjen. Men det er sårbart og tøft å drive: Ho er avhengig av at oppdragsgjevarane brukar henne, og ho må ha is i magen.

Rammevilkåra er den største utfordringa: Dersom ho hadde hatt lengre kontraktar, hadde det vore lettare å tilsette nokon, og forbetre kompetansen og auke kapasiteten. Likevel satsar ho på utviding av tilbodet frå hausten, og spesialpedagog byrjar i deltid etter sommaren.

Tilbod for veldig mange

Kven er brukarane?

-I eit par år hadde eg ei gruppe med tidleg demente, og både brukarane, kommunen og eg sjølv var veldig fornøgde med ordninga, men det stoppa opp av økonomiske årsakar, diverre.

No har ho eit spenn fra barn ned til 11 år, til ungdom og vaksne med alt fra psykiske lidelsar til dei som slit med å passe inn. Tilbodet vert tilrettelagt kvar enkelt brukar. Både barn, unge og vaksne med ulike utfordringar kan kome til henne. Nokre treng ein til ein oppfølging, andre er i grupper for å sosial trening og kontakt. I tillegg har ho eit generelt ridetilbod til barn og ungdommar. Hestegarden skal vere ein trygg og god stad å vere for alle, uansett kva dei har i bagasjen.

Sjølv tilpassar ho arbeidsdagen sin etter brukarane, og er tydeleg på at det er ein livsstil; ho jobbar ofte når andre har fri. På dagtid gjer ho gjerne gardsarbeid og kontorarbeid, og så kjem storparten av brukarane ofte på ettermiddags - og kveldstid og i helgene.

Kva må til?  

Det viktigaste for å bli tilbyder til Inn på tunet er at du som gardbrukar både er ei ildsjel og brennande interessert i menneske. Det kjem elles an på kva brukargrupper som er aktuelle: Du kan ha grupper frå barnehagar eller skular, friske folk eller menneske med fleire utfordringar. Real- og/eller formalkompetanse innan psykisk helsearbeid er viktig for henne med dei brukarane ho har. Når det gjeld menneske som er sårbare og som er i krise, er det viktig med kunnskap og personlege ressursar.

- Det er som å vere ein tusenkunstnar: Du driv gard, marknadsføring, økonomistyring, jobbar med menneske og dyr: Du må vere mange stadar på ein gong, og ha forskjelleg type kompetanse. Det er kjempegjevande å vere Inn på tunet tilbyder, men også krevjande, avslutter Linda, som også er leder i nettverket Inn på tunet i Sogn og Fjordane.

Inn på tunet (IPT)

Inn på tunet er tilrettelagte og kvalitetssikra velferdstenester på gardsbruk. Godkjente gardar tilbyr aktivitetar som gjer meiningsfylt arbeid, meistring, utvikling og trivsel. Det er mange ulike forskningsrapportar og erfaringar som viser positive effektar av denne typen tiltak: Å bruke dyr i terapi, arbeide med hagebruk og meistring av konkrete oppgåver på garden.

Aktivitetane i tenestetilbodet er knytta opp til garden, livet og arbeidet der. Det er i dag godkjente Inn på tunet - gardsbruk over heile Noreg.

http://matmerk.no/inn-pa-tunet/

Hest og helse

Hest og helse er ein landsdekkande frivillig medlemsorganisasjon, etablert i 1971. Den driv med kursing av personal som arbeider med hest som verkemiddel i terapi.

Formålet er å fremje bruk av hest i helsesamanheng og bidra aktivt til optimal kvalitet i bruk av hest i arbeidet med å betre fysisk, psykisk og sosial helse.

Linda med katten Pus. Foto: Bruker av Inn på tunet.

Kommenter:

Mer om

aktivitet.og.fritid fysisk.aktivitet god.hjelp.i.et.brukerperspektiv læring.og.mestring reportasjer helsefremming.og.forebygging

Les også

Ingen treff...
Aktuelt
Siste fra Kunnskapsbasen