Publisert: 21. september 2015.   Endret: 16. januar 2017
Karen-merete bruland

OM PSYKOLOGI: -Eg synes at faget har noko å bidra med på mange fleire felt enn ein vanlegvis tenker, sier Karen-Merete Bruland. (FOTO: Møyfrid Kjølsdal/ NAPHA).

Begeistra psykolog i Eid kommune

Begeistra psykolog i Eid kommune

Karen-Merete Bruland har ei sterk tru på at faget psykologi er hjelpsamt i folk sine liv. Og ho formidlar kunnskapen sin til flest mulig som har med barn å gjere i kommunen.

Ho har vore tilsett sidan hausten -14, og starta raskt opp veiledning med alle skular og barnehager i kommuna, samt veiledning med helsestasjonen, barnevernet, psykisk helseteam, flyktningetjenesta og vernepleien - i alt 21 institusjonar. 

På veggen heng ein tettpakka plan, og det er eit heseblesande intervju som vert gjennomført. Enda klokka er blitt fem, skal Karen vidare til neste veiledningsoppdrag, og eg undrast på kva det er som driv henne?

-Ja, det er jo det at eg har forferdelig stor tru på faget mitt da! Altså, eg er jo en begeistra psykolog, seier ho og ler. -Eg synes at faget har noko å bidra med på mange fleire felt enn ein vanlegvis tenker.

Vil nå barn og unge

Karen-Merete sitt hovudfokus er dei aller minste barna: Det er gravide, spedbarn og småbarn fra 0-3 som er hennar hovudsatsingområde. Deretter 3-6 år, samt dei kritiske overgangane; dei mellom barnehage og skule, mellom barneskule og ungdomsskule, og mellom ungdomsskule og vidaregåande skule. Men klinisk direkte arbeid gjer ho kun når det gjeld foreldra til dei aller minste. Dette er ein bevisst strategi:

- Muligheten til å nå heile Eids befolkning er mykje større om eg arbeider via pedagogane enn om eg skulle ha starta med individuell behandling: Berre på første runda mi ville avtaleboka blitt full. Det er eit stort behov, sier ho.

Vil redde ungane frå ei dårleg framtid

-Det er ganske ambisiøse mål eg har. Eg vil komme tidlig nok inn til å kunne redde dei ungane som er i faresonen frå ei dårleg framtid. Det seier seg sjølv at dette er eit langsiktig arbeid. Det er ikkje noko som kjem til å gjere dei store utslaga det første halve året, ler ho.

-Håpet mitt er at det ikkje skal kome ungar med store atferdsvanskar inn i barneskulen som ikkje har blitt oppdaga tidlegare. At barnehagane melder frå til barnevernet når det grunn til det, og at eg kjem i posisjon til å veilede foreldre der det trengs.

Manglande felles språk

Ho trur ikkje at det er kunnskapsmangel i barnehagane, men at dei som jobbar der manglar eit språk for kva dei ser.

-Dei ser ein gut som bit, ein far som er sint og ei mor som er sint. Og korleis skal vi forstå barnet ut frå dette, då, spør ho retorisk.

Karen-Merete tilbyr «Circle of security», ein behandlings- og veiledningsmetode der foreldre lærer å forstå barnet sine følelsar og atferd. Vidare snakkar ho om tilknytning i barnehagar, på skular og i helsetenestene, for å skape eit felles språk for dei som jobber direkte med desse barna.

Sterkt press på foreldre

Karen-Merete meiner å sjå at unge foreldre føler seg utrygge samstundes som dei har eit press på seg til å lukkast på alle område:

- Ein skal vere supertrent, ein skal ut og trene dagen etter fødselen, ein skal ha flat mage og ein skal ikkje trenge barnet sitt. Med det meiner eg at mange foreldre i dag har ei formeining om at dei skal vere frigjort fra barnet raskt - til dømes at dersom ein ikkje får sove om natta fordi ein er urolig for barnet sitt, så betyr det at det noko i veien med ein.

-I tillegg er det eit sterkt press på foreldrene med tanke på alt anna dei skal få gjort utanom barnet sitt liv, sier Karen-Merete. Psykologen trur det er mangel på kunnskap om kva dei minste barna treng. Ho kjem med eit døme:

-Du ser mammaer som sit og flippar med mobilen sin medan dei ammar, istaden for å glo forelska ned i augo på babyen sin. Vi veit ikkje kva resultata av dette er, men det vi veit, er kor viktig den første kontakta mellom mor og barn er. Og så veit vi også ganske mykje om kva som kan skje med barnet dersom den kontakta ikkje er der. Det å få informere om slike ting, det gløder eg for, seier ho.

Barna må bere vekta av likestillingspolitikken

I Eid kommune er slik at det er dei aller minste barna som er aller lengst i barnehagen, fortel psykologen.

-Vi vaksne får ikkje lov til å jobbe meir enn 7,5 timer av ein årsak: Vi tenker at det ikkje er bra for oss. Men dei aller minste menneskene, dei skal vere på jobben i ni timar! Eg høyrer at mødre seier "å, så deilig å få trent før eg henter i barnehagen" - og eg seier; kva skal du med ein unge? Eg trur ikkje det er av ondskap, eg trur rett og slett at foreldra ikkje tenker på det, og at ingen tør å seie det til dei.

Psykologen trur det er vanskeleg for barnehagepersonell å vere så direkte, sidan dei skal ha eit vedvarande samarbeid som er veldig viktig.

-Men eg kan seie det; og bør seie det, og eg tilbyr meg å snakke på foreldremøter. Det er ein sterk forpliktelse å sette barn til verda, og det å forstå kva dette betyr for både menn og kvinner, trur eg er ein viktig debatt. Det handler om verdier i samfunnet vårt, verdiar som held på å gå i oppløysning.

Helsedirektoratet vil ha psykologar inn i kommunane

Det har vore ei politisk satsning over år for å få rekruttert psykologar til kommunene sine helse- og omsorgstenester. Dette var eit mål i opptrappingsplanen for psykisk helse (1999-2008), og deretter kom tilskuddsordninga "Modellutprøving av psykologar i kommunehelsetenesta" i perioden 2009 -2012.

Frå 2013 vart modellforsøket avslutta og satsinga betydeleg styrka og utvida. Alle kommuner fekk muligheten til å søke om tilskot til rekruttering av psykologar.

Kvar einskild kommune kan tilpasse stillinga ut frå lokale behov og utfordringar, ut frå sentrale mål som er gjeve for ordninga. I løpet av dei to siste årene har det vore ei kraftig auke av psykologar ansatt i kommunene sine helse- og omsorgstenester.

Karen-Merete ønsker fleire psykologar velkomne i Eid kommune, og meiner at det er ein viktig faktor no, når kommunene etter samhandlingsreformen har fått auka ansvar når det gjeld å gje eit betre tilbod til mennesker med psykiske problem og rusmiddelproblem.

 

 

 

«Circle of Security» – trygghetssirkelen
  • En modell for å fremme god tilknytning mellom foreldre og barn og dermed forebygge utvikling av vansker for barna.
  • Modellen er utviklet for å analysere og tolke barns atferd, følelser og behov for å kunne veilede foreldre i utviklingsstøttende omsorg.
  • Modellen har som mål at barnet utvikler en trygg tilknytning til sine foreldre.
  • Modellen er basert på omfattende forskning innen tilknytning og ble utviklet av bl.a. Robert S. Marvin ved The Ainsworth Attachment Clinic, University of Virginia.

Kilde: Regionssenter for barn og unges psykiske helse, Helseregion Øst og Sør.

Kommenter:

Mer om

barn.og.unge reportasjer psykologer.i.kommunene helsefremming.og.forebygging folkehelse

Les også

Ingen treff...
Aktuelt
Siste fra Kunnskapsbasen