Nyheter

Han brenn 
for jobben

Håvard Blisten har opplevd å ramle ut av arbeidslivet. Stoppestaden heitte uføretrygd. Ein arbeidsgjevar såg kva han kunne.

– Vil du ha? Den er frå Kenya.

I industribygget aust i Oslo er ingen i tvil om kva vareslag som blir handsama i tredje etasje. Dufta av brent kaffi ligg som eit visittkort i heile oppgangen.

– Han er svært god, seier Håvard­ Blisten og byr fram ein kvit kopp med brun bønnedrikk.

For fem år sidan blei hadelendingen eit nummer i ein dyster statistikk. Han blei uføretrygda i ein alder av 28 år.

– Eg fekk eit stempel som sa at eg var ein tapar.

LES OGSÅ:En ny arbeidsufør hver time i løpet av tolvmåneders periode

Fast lønn

Sjølv om han ikkje klarte å fullføre vidaregåande, fekk Håvard Blisten ein jobb å gå til. Eit lite firma som leverte­ isolasjon til næringsbygg gav han greie arbeidsoppgåver og fast lønn. Livet var greitt heilt fram til verksemda byrja å vekse.

– Dei skulle bli større, og krava blei tøffare.

Ein dag hadde Blisten fått nok. Han slutta tvert. Han gjekk ikkje på jobb. Heller ikkje neste dag, eller dagen etter.

– Eg klarte ikkje krava. Eg blei nedtrykt – og mista trua på meg sjølv. Angsten blei for sterk.

Nye forsøk på å få fotfeste i arbeidslivet­ gjekk dårleg. Håvard­ Blisten gjekk frå vikarjobb til vikarjobb­. I sekken han bar med seg låg tung bagasje. Han sleit med den psykiske helsa.

– Eg fekk nok ein knekk allereie­ på vidaregåande, seier Blisten­ når han ser seg tilbake i sitt 33 år lange liv.

Mista meistringa

Utan fast jobb kom han på attføring. Han hugsar det som oppbevaring, og år utan glede. Håvard Blisten prøvde seg som assistent i barnehage. Og han vaska bilar hjå ein bilforhandlar. Men kvar gong sklei tryggleiken unna som eit såpestykke.

– Ingen av jobbane gav meg noko. Eg meistra dei ikkje.

Etter fire år var meldinga frå Nav tindrande tydeleg: Du må skaffe deg ein jobb – eller bli uføretrygda.

Det første hadde Blisten prøvd, utan hell. Dermed blei det trygd. Kjensla av å ha mislukkast blei endå tyngre. Han var parkert før fylte 30, som ufør.

LES OGSÅ: Deprimerte menn oftare uføretrygda

Smakte kaffi

Vegen tilbake til arbeidslivet starta på eit pauserom. Under eit av Blistens mange vikariat blei det bydd fram kaffi. Han takka nei, han drakk ikkje den drikken, likte ikkje smaken.

– Det var pulverkaffi, minnest han og humrar.

Rundt seg på Nor kaffebrenneri har han i dag jutesekkar med kaffibønner frå øvste skuffe, kvalitet til siste kopp. På pause-
rommet fann Håvard Blisten vegen­ tilbake til fast jobb. Utan å vite det.

– Eg er slik at når eg blir interessert i noko, ja, så går eg heilt opp i det.

Han takka til slutt ja til ein kopp pausekaffi. Han gjekk så heim for å finne ut meir om bønnedrikken­. Han kjøpte 
grøne­ bønner på nettet. Han 
byrja å brenne dei sjølve. Han jakta den ultimate kaffiopp
levinga.

Ville kome

Ein dag fekk Joakim­ Strand ein telefon. Kunne han ta imot ein ung mann som trong praksisplass? Strand er dagleg leiar i Østkantgutta, eit selskap som driv seks kaffihus og eit kaffibrenneri i Oslo – og som er kjent for å opne dørene for arbeidstakarar utan strokne CV-ar.

Nei, svarte Strand, har ikkje behov no. Berre ta ein samtale, spurte kvinna i telefonen. Nei, har ikkje tid var svaret. Berre kome ein tur innom, utfordra kvinna.

– Eg gav meg og sa at dei kunne­ ta turen frå Hadeland.

Saman med Håvard Blisten kom Gunn Elisabeth Thoresen­ frå Hadeland IPS, eit prosjekt som skal få menneske med psykiske­ lidingar ut i ordinære­ jobbar­, og som er eit samarbeid mellom­ den psykiske helsetenesta­ i kommunen, spesialisthelsetenesta og Nav.

Følg oss på Facebook og Twitter!

Har arbeidsglede

Møtet gav Blisten fast grunn under føtene. Strand møtte ein mann med store­ kunnskapar om kaffi­ og endå betre­; brenning av kaffi­. Hadelendingen fekk fast jobb. Han kunne reise seg. Han var ikkje lenger ufør.

– I dag gler eg meg til kvar arbeidsdag, for eg er etterspurt, eg må på jobb, mange ventar på meg. Det er herleg, seier kaffibrennaren som to-tre gonger i veka tek togturen til Oslo. Han har ein 40 prosents stilling, men jobbar ofte ein dag ekstra i veka.

Snart skal Håvard Blisten gjere­ det ein gong til, det han aldri hadde trudd skulle bli han til del; stå fremst på ein scene og snakke til fullsett sal. Om det å ramle ut av arbeidslivet. Om det å finne vegen tilbake.

– Håvard, seier Joakim Strand, er ein fantastisk arbeidstakar. Han vågar verkeleg å utfordre seg sjølv.

Snart sit ein sal full av psykologar og psykiatrar og ventar på ein 33-åring frå Hadeland. Han har noko å lære dei.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter