This text will be replacedhttps://bstv.no/?cat=1&feed=rss2

Talet på nye førespurnader til Studentenes psykiske helseteneste (SPH) har auka med 85 prosent dei siste ti åra. Sjølv om eksamenstida av dei fleste vert rekna som den tøffaste i studenttilværet, klarar studentane seg gjennom perioden utan hjelp. 

– Eg trur mange har godt av å snakka med nokon. For nokon vil det kanskje vera lettare å snakka med ein profesjonell enn ein ven, seier spanskstudent Bård Emil Danielsen.

25-åringen sit på Sydneshaugen skule dagen før eksamen. Danielsen har ikkje vurdert SPH sitt psykologtilbod som eit middel mot eksamensstress og nerver, men han uroar seg heller ikkje i særleg grad over eksamen.

– Det eg ikkje har lært meg så langt i semesteret, kjem eg ikkje til å læra meg kvelden før eksamen likevel, konstaterer han.

Ikkje større pågang i eksamenstida
Sjefpsykolog og dagleg leiar ved SPH, Øystein Sandven, stadfestar at mange studentar deler innstillinga til Danielsen.

– Me opplever ikkje større pågang av studentar i november og desember som følgjer av eksamensstress. Førespurnadene var kanskje meir oppstykka for ein del år tilbake, men dei siste åra har me hatt ein jamn tilstrauming av studentar gjennom heile semesteret. Om det er noko som indikerer at eksamensperioden heng over studentane, handlar det kanskje meir om at studentane tek opp eksamensrelaterte ting, som konsekvensar og trøbbel med progresjon. Det blir meir tydeleg rundt eksamenstidene, seier Sandven.

Sjefpsykologen seier pågangen har auka jamnt og trutt sidan 2000-talet. Talet på nye førespurnader var 720 i 2005. Mellom januar og november i år er talet 1.332. Det tilsvarar ei auke på minimum 85 prosent over ti år.

– Prosentauken har variert ein del dei siste åra, utan at me kan seia kva som kan skulda det. Eg trur auken vil fortsetja i åra som kjem, seier Sandven.

Jo fleire me er saman…
– Eg trur ikkje eg er så nervøs som eg burde ha vore.

Det seier fyrsteårsstudent Karina Bru. Ho studerer molekylærbiologi ved det matematisk-naturvitskaplege faktultet ved Universitetet i Bergen (UiB). Neste eksamen er om mindre enn ei veke, og Bru stadfestar at sommarfuglane er til stades. Ho finn likevel trøst i at ho ikkje står åleine i eksamensperioden.

– Me har prøvd å vera fleire som går på lesesal saman. Me tek pausar i lag og slepp å kjenna at ein er einsam på lesesalen, seier Bru.

Ho har ikkje vurdert psykolog som eit middel mot eksamensstress og nerver.

– Eg er ikkje så uroa av meg, så eg tenker ikkje at det er naudsynt å snakka med ein psykolog, fortel Bru.

Venninna Lotte Sigbjørnsen stressar meir, men meiner det er grunn nok til å ikkje oppsøka hjelp.

– Eg har rett og slett ikkje tid. Eg vil heller bruka den tida eg har på å lesa så mykje som eg kan, seier lærarstudenten.

Kommentarer