– Eininga er gode ambassadørar for kommunen og arbeider medvite med omdømmebygging. Arbeidet deira er etter kvart anerkjend langt utover kommunegrensene og dei vert leigde inn av andre for å snakke om ”Ørsta- modellen”, seier arbeidsmiljøutvalet som bestemte kven som skulle få prisen.

Fem kandidatar var intervjua av trepartsgruppa KVEIK. Dei sende ei innstilling til arbeidsmiljøutvalet. Prisen, ein diplom og 10.000 kroner, vart delt ut under kommunestyremøtet på torsdag.

Årleg

Arbeidsmiljøprisen for Ørsta kommune vert delt ut kvart år. Målsetjinga er å verdsetje dei beste helsefremjande tiltaka og prosessane som medverkar til trivsel, godt arbeidsmiljø og høgare nærvær.

Arbeidsmiljøprisen skal vurderast med utgangspunkt i helsefremjande tiltak som syner resultat, godt IA-arbeid, arbeidsmiljøkartlegginga, auka nærvær og overføringsverdi til andre. Juryen peikar på at Tenesta for psykisk helse og rus gjennom systematisk og målretta arbeid har etablert eit solid fundament for eit godt arbeidsmiljø.

– Eininga består av fleire fag- og tenesteområde som no er samla under same leiar. Denne endringa har vore utfordrande, og dei har med hjelp frå NAV arbeidslivssenter og i samarbeid med bedriftshelsetenesta sett samhandling og arbeidsmiljø på dagsorden. Eininga har fleire ulike profesjonar, dette har dei også arbeidd medvite med. Dei får difor fagleg rettleiing av ein ekstern rettleiar. Dette verkar førebyggande og hjelper dei til å unngå konfliktar som elles lettare kunne oppstått, seier juryen.

Kjekt

– Det er veldig kjekt at andre legg merke til det vi gjer og at vi vert heidra for arbeidet vi legg ned, seier einingsleiaren for Teneste for psykisk helse, Joanne Picton Aarseth.

Ho fortel at eininga for halvanna år sidan, ei tid då rustenesta også etablerte seg på Viketunet, utarbeidde ein handlingsplan for å utvikle arbeidsmiljøet endå meir. I denne prosessen har alle tilsette bidrege.

– Vi hadde klare mål og laga ein handlingsplan med m.a. kartlegging. Utviklinga av arbeidsmiljøet er ein prosess som aldri vert ferdig, seier Picton.

Ein av dei tilsette, Kjell Arne Dimmen, rosar leiinga for gode haldningar.

– Eit godt arbeidsmiljø er avhengig av mange faktorar. Det er veldig viktig at ein prosess med å utvikle dette er godt forankra i leiinga. Leiinga let oss ta opp ting som er utfordrande på irritasjonsstadiet, noko som er veldig viktig, seier Dimmen.

Han stortrivst i eit arbeidsmiljø med mykje humor.

– Vi har fridom under ansvar, ja, eg gler meg til å gå på jobb kvar dag!

Mål

– Gjennom å setje seg klare mål, som mellom anna er nedfelt i eininga sin HMT-plan, og arbeide systematisk for å nå dei, har dei oppnådd å styrke samhaldet og sveise seg saman til å verte ei eining med felles målsetjingar. Alle nye, både vikarar og fast tilsette, har ein forventningssamtale med einingsleiar ved oppstart. Då avklårar dei kva forventningar dei har til kvarandre og kva krav som ligg til jobben dei har takka ja til. Dette er med på å førebygge mistydingar og å avverje konfliktar i framtida, seier juryen vidare.

Den viser til at noko av det som kjenneteiknar eininga er den samla viljen og evna til nytenking.