Hopp til innhold

Foreldre måtte vente over to månader i mobbesak

«Vanleg sakshandsamingstid for denne type saker er ein månad», var svaret frå Fylkesmannen. Men foreldra måtte vente godt over to månader før det vart fatta vedtak i mobbesak.

Bilder fra kontor, skriving på papir, mann ringer far, intervju, bilder fra skole, bilder fra klasserom og lekeplass, grafikk, fasadebilder fylkeshuset Leikanger, intervju på kontor, intervju barneombud, intervju Røe Isaksen.

SKULEMOBBING: Foreldrepar kjenner seg svikta etter at det tok lang tid før dei fekk svar på mobbeklage.

Foreldreparet håpte på ei rask avgjerd, då dei sende ein klage til Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. Klaga handlar om ein elev på ein grunnskule, der det er vist til episodar som inneheld ulike formar for vald. I tillegg til tilfelle av krenkande ytringar.

– Vi kjenner oss svikta. Det er uforståeleg at Fylkesmannen har brukt så lang tid på klaga, seier faren.

Foreldra opplevde situasjonen som akutt og bad om at det vart gjennomført fysisk skilje mellom fleire av elevane. Men i eit av dei første svara til foreldra, skriv Fylkesmannen:

– Vanleg sakshandsamingstid for denne typen saker er ein månad frå saka kom inn til oss.

Til saman har det gått ti veker før Fylkesmannen fatta vedtak i saka.

Vi kjenner oss svikta. Det er uforståeleg at Fylkesmannen har brukt så lang tid på klagen.

Far

Illustrasjon Mobbing

LANG VENTETID: Det tok to månader før foreldra fekk svar i mobbesak. Dei kjenner seg svikta.

Foto: NRK

Får hjelp

Erik Torp

GIR FAMILIEN HJELP: Erik Torp i Foreningen Mobbing i Skolen seier det er ei alvorleg mobbesak.

Foto: mobbingiskolen.no

Familien har fått hjelp av Foreningen Mobbing i Skolen i å utarbeide klaga, eit foreldrenettverk som hjelper til i ulike saker.

– Slik vi vurderer det er dette ei alvorleg sak, der mobbinga har skjedd over fleire år. Med andre ord både fysisk og psykisk mobbing, seier styremedlem Erik Torp.

Dei reagerer på tida det tek frå foreldra sender inn klage, til det kjem vedtak i saka.

– Fylkesmannen har ikkje forstått alvoret i saka. Etter mi meining burde Fylkesmannen kalla inn partane i løpet av dagar og fått skaffa fram all dokumentasjon i løpet av kort tid. Deretter behandla klaga og fatta vedtak, seier Torp.

Beklagar

John Ole Vange

RASKARE BEHANDLING: Utdanningsdirektør John Ole Vange lovar raskare saksbehandling til hausten i mobbesaker.

Foto: Eli Eikensæ Vengen / NRK

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane seier det er mogleg å behandle mobbesakene raskare enn i dag.

– Vi har ei sjølvpålagt behandlingstid på maks fire veker. Ideelt sett skulle desse sakene vore løyste med ein gong. For elevar og foreldre er det viktig at desse sakene blir handsama raskt for å sikre at elevane har eit trygt og godt miljø, seier utdanningsdirektør John Ole Vange.

Han seier det vil bli stilt strengare krav til rask saksbehandling når den nye mobbeloven etter planen er på plass til hausten. Fylkesmannen skriv i vedtaket at den aktuelle kommunen må «opplyse saka grundigare ved å høyre dei involverte elevane i saka».

I tillegg må kommunen vise til evalueringar av eksisterande tiltak. Leiinga i kommunen har dei siste vekene jobba med å følge opp tilrådingane frå Fylkesmannen.

– Saka er komplisert. Vi har hatt inne sakkunnige instansar for å vurdere kva som er den beste løysinga for partane. Kommunen følger desse tilrådingane, svarar kommunen.

Foreldra er ikkje nøgd med vedtaket og viser til at Fylkesmannen har hatt to månader på seg til å belyse saka. Dei kjem no til å klage vidare til Utdanningsdirektoratet.

Mange klager

Anne Lindboe

LANG TID: Barneombodet får ofte e-postar frå fortvilte foreldre som ventar lenge i mobbesaker.

Foto: Camilla H. Wernersen / NRK

Barneombod Anne Lindboe får «dagleg» e-postar og telefonar frå foreldre som står midt i ulike mobbesaker. Ofte har dei først fått avslag i kommunen, før dei klagar saka vidare til Fylkesmannen.

– Vi får mange saker til kontoret der foreldre seier det tek for lang tid. Og at skulen ikkje følger opp vedtaket Fylkesmannen har gjort. Da må dei klage på nytt, noko som kan ta både månader og år.

Ho er usamd med regjeringa som i forslaget til den nye mobbelova framleis vil at Fylkesmannen skal vere klageinstans. Både Barneombodet og det regjeringsoppnemnde Djupedal-utvalet ønsker at det kjem eit nasjonalt, uavhengig klageorgan.

– Det å utsettast for mobbing og krenkingar er særs alvorleg. I slike saker treng borna hjelp med ein gong. Dei kan ikkje gå veker og månader og vente på at Fylkesmannen skal fatte eit vedtak, seier Lindboe.

Regjeringa meiner at ei styrking av Fylkesmannens kapasitet som klageinstans i mobbesaker vil vere minst like bra. For 2017 skal budsjettet styrkast med 17 millionar kroner.