Helse Førde har no lagt fram ein plan for ny Psykiatrisk klinikk i Førde. Heller ikkje denne gangen blir dei alvorlegaste psykisk sjuke tilgodesett av Helse Førde med eiga avdeling som er tilpassa deira behov. I andre helseføretak får denne pasientgruppa behandling i spesialavdelingar.

Behandlingstilbodet til denne gruppa har blitt stadig dårlegare siste åra fordi Helse Førde har redusert drifta innan psykisk helse. Både Nordfjord Psykiatrisenter og Indre Sogn Psykiatrisenter hadde 2 døgnavdelingar, men har no slått saman avdelingane og redusert tal plassar. Førde hadde ei spesialavdeling for psykosebehandling med 3 plassar og denne vart lagt ned. Post 4 ved Tronvik som gav langtidsbehandling til pasientar med alvorleg psykoselidingar og risikoåtferd har også blitt lagt ned. Denne pasientgruppa får no til dels behandling på akuttavdelinga og Helse Førde kjøper i tillegg plass på sikkerheitsavdeling i Helse Bergen.

Pasientar med psykoselidingar har særleg behov for roleg, trygt, føreseieleg miljø. Kontinuitet i personalkontakt og gode relasjonar er grunnleggande i behandlinga. Dette blir ikkje vareteke i avdelingar med uro, mange pasientar og dermed mange personale.

Gjennom NRK dokumentaren «Stemmene i hodet» som vart vist i vinter så fekk vi eit innblikk i korleis det er å ha ein psykoseliding. Den viste korleis behandling i eit lite, trygt og føreseieleg miljø og systematisk bruk av musikk, kunst og trening gav meistringskjensle og betring for svært sjuke menneska. Psykoselidingar innebere mykje lidingar for den som er sjuk og det får store konsekvensar for heile familien. Dårleg behandling gir lågt funksjonsnivå, mange tilbakefall, rusmisbruk og kronefisering. Nokre pasientane får behov for livslang oppfølging i eigne tiltak i kommunane der 2 tilsette er saman med den sjuke heile døgnet og ved sikkerheitsavdelingar. Pasientar med alvorleg psykisk liding har ca. 20 år kortare levetid enn befolkninga elles og mange tek sitt eige liv. Dårleg behandling gir stor samfunnsøkonomiske kostnader sjølv om Helse Førde sparer pengar.

Ein har kunnskap om kva som er god behandling for pasientar med psykoselidingar og det er utarbeida nasjonal rettleiar for korleis psykoselidingar skal bli oppdaga tidleg og behandla. Helse Førde har ikkje implementert desse retningslinjene i psykisk helsevern. Nokre helseføretak har i tillegg teke i bruk andre metodar som gir særleg gode resultat. Her kan nemnast Vestre Viken HF og basal eksponeringsterapi. I forhold til andre pasientgrupper ville det vere utenkeleg å ikkje ta i bruk behandlingsmetodane som gir best resultat.

Pasientar med psykoselidingar blir i dag lagt inn ved allmennpsykiatriske avdelingar eller ved akutt døgnavdeling for kortare eller lengre tid. Særleg i akuttavdelinga får psykosepasientane lite systematisk oppfølging fordi resursane må brukast til mottak av nye pasientar eller å takle uro. Fylkeslegen kom med merknader på dette ved tilsyn hausten 2016. Psykosepasientane blir flytta mellom DPS (distriktspsykiatrisk senter) avdelingar og akuttavdelinga ettersom symptoma ved sjukdommen endrar seg og må stadig ta omsyn til nye legar og miljøpersonalet, og nye pasientar. Klinikk for psykisk helsevern har siste åra hatt store problem med å rekruttere psykiatrar og dette råkar særleg pasientar som treng behandling over lang tid og eit tett samarbeid med kommunane. Dette påpeikar også Fylkeslegen i sin rapport.

Fagfolk i Helse Førde har i 25år påpeika behov for psykoseavdeling. Dette har også vore ei viktig sak for LPP sidan fylkeslaget vart stifta i år 2000 og er framleis like aktuell. Helse Førde har blitt brukt mykje resursar på planarbeid og utgreiingar utan at det har blitt realisert. Styremedlemar i Helse Førde har forsikra oss om at dei er særleg opptatt av psykiatrien og tilbod til psykisk sjuke og rusmisbrukarar. Realiteten har vore at tilbod har blitt lagt ned og styret har komme med nye krav om innsparingar. Det er dei alvorlegaste psykisk sjuke som blir råka verst. Styret i Helse Førde må ta ansvar for denne situasjonen.

LPP ber Helse Førde om å få på plass psykoseavdeling i nybygget og implementere retningslinjene for psykosebehandling.