Hopp til innhold
Kronikk

Sjølvmord og andre utvegar

Du treng ikkje vere sjuk for å ha sjølvmordstankar. Den største feilen eg gjorde var å ikkje snakke med nokon om det.

Mann alene

«Veldig mange av oss, faktisk dei aller fleste, har sjølvmordstankar på eit eller fleire tidspunkt i livsløpet,» skriv kronikkforfattaren. (Illustrasjonsfoto)

Som psykisk helsearbeidar har eg snakka med mange som ikkje vil leve lenger. Eg har gjort det eg kan for å hjelpe og avverje sjølvmord. Å førebygge sjølvmord er, når alt kjem til alt, alle sitt ansvar.

Sjølvmordsforsking viser at årsakene til sjølvmord ofte er komplekse. Det er ei myte at det berre er personar med langvarige psykiske lidingar som tenkjer på sjølvmord, eller gjennomfører det. Personar med langvarige fysiske smerter, personar som finn livet altfor merkeleg og meiningslaust i ei knallhard verd, personar utmatta av flukt frå krig og langvarig liding og så vidare.

Desse tinga heng jo ofte saman, det er viktig å understreke. Poenget er at vi har ulike grunnar til å både tenkje på og gjennomføre sjølvmord, på same måte som vi finn meining på ulikt vis. For meg handla det først og fremst om det eg vil kalle for knallhard realisme, kombinert med denne snikande kjensla av djup nedstemtheit, og melankolien som hadde prega meg lenge.

Melankolien som kanskje gjorde meg ekstra sårbar. Ei kjensle av at alt berre var fåfengt, eit spel for galleriet, eit liv som i stor grad var kommandert av andre. Eit fritt folk som ikkje var fri likevel.

Vonde periodar går over

Eg var 26 år, hadde ein god jobb og familie og vennar som var glade i meg. Men eg opplevde å sjå «alt» klart til meir kunnskap eg opparbeida meg. Kva var meininga? Meining var berre noko vi måtte skape fordi det eigentleg ikkje er noko meining. Gjekk ut av meg sjølv og såg livet i fugleperspektiv. Tenkte «Kva faen er det vi driv på med?» På utsida var eg vellukka. Ingen visste at eg ikkje ville leve.

Eg hugsa eg var innom liknande refleksjonar som ung tenåring. Det var likevel annleis no. Eg var berre så jævla sliten. Av livet. Ville ikkje vere ein del av køyret, ein del av denne brutale arten som berre røskar vekk alt anna liv på kloda, trass intelligensen som gjer oss unik, evne til djup empati, kollektivisme og godheit, men òg all denne vondskapen.

Ingenting er så undervurdert som sjølve livet.

Eg såg for meg korleis eg skulle gjere det. Kva var den mest smertefrie utgangen? Tenkte gjennom detaljane. Korleis kjem dei rundt meg til å reagere? Kva hadde vore den minst smertefulle måten å finne meg på? Slik gjekk eg ei periode. Fram og tilbake. Etter å ha jobba i fleire år med å redde andre frå å ta sitt eige liv. Etter å ha overbevist andre om å forsøke å velje livet; for at vonde periodar, sjølv om dei kan vere langvarige, kan gå over.

Valte livet

Eg sa det ikkje til nokon. Ville ikkje belaste nokon. Faen for ein type. Klarte ikkje vende meg til hjelpeapparatet som eg sjølv var ein del av – eg var jo den som skulle hjelpe! Så snudde det, av fleire grunnar. Mykje på grunn av dei rundt meg. Sjølv om vi ikkje snakka om det, valte eg livet. Utan andre er vi ingenting.

Eg har inga livsvarig liding, men eg har ei bevisstheit, og med ei bevisstheit er inngangen til liding og tankane kring sjølvmord alltid vidopen. Det er òg utgangen. Vi er ivrige etter å finne og setje diagnosar på alt som avvikar frå våre vante normer, både hjå helsevesen og i kvardagslivet. Nokre gongar til hjelp, i alle høve hjå somatikken, andre gongar ei byrde som leiar til avmakt og stigma. Funn i enkelte studiar utfordrar den etablerte sanninga om at sjølvmord primært er eit symptom på psykisk liding.

Kvifor følgde eg ikkje mitt beste råd, å snakke med nokon? Kva kan vi gjere for å førebygge? Ein trio med spesialistar skreiv nyleg ein kronikk i Aftenposten om at vi ikkje kan føresjå sjølvmord. Vi er nok i stor grad einige om både dette og at vi kan gjere meir for å førebygge.

Eg sakna likevel den samfunnskritiske stemma til spesialistane. Er det personen eller samfunnet det er noko gale med? Kva samfunnsmandat har vi som psykisk helsearbeidarar til å peike på øydeleggande samfunnsstrukturar som skapar psykisk uhelse?

Livet er dynamisk

Veldig mange av oss, faktisk dei aller fleste, har sjølvmordstankar på eit eller fleire tidspunkt i livsløpet.

Dei siste 20 åra er det registrert eit stigande tal på sjølvmord i dei fleste europeiske land. Stigninga har vore særleg uttalt i dei nordiske landa og spesielt Danmark. Nokon har tankar om sjølvmord og sporadiske forsøk på å gjennomføre sjølvmord i veldig lange periodar av livet, og det kan følast som om dei ikkje vil gå over.

Eg såg for meg korleis eg skulle gjere det. Kva var den mest smertefrie utgangen?

Likevel, livet er eit dynamisk prosjekt. Det betyr at det alltid kan snu. For deg som tenkjer på sjølvmord finst det alltid nokon som bryr seg om deg.

«Døden bringar ingen forsoning, dersom noko sånt eksisterer, vil du finne den i løpet av livet», skriv den kjente islandske forfattaren Jon Kalman Stefansson. Ingenting er så undervurdert som sjølve livet. Etter døden er det for seint å omfamne nokon.

Følg debatten: Twitter og Facebook

Snakk med nokon

Vend deg til ein hjelpeorganisasjon der folk har eigen erfaring. Mental Helse, til dømes. Elles finst det som regel fine kloke menneske som vil ta imot deg i psykiske helsetenester, både i kommune og akutt på legevakt/sjukehus.

Om det er slik at det er for vanskeleg å snakke om det med nære, eller om du ikkje har nokon nære akkurat no, så vil du heilt sikkert møte nokon som forstår etter kvart.

Den største feilen eg gjorde var å ikkje snakke med nokon om det. Det kunne fort ha gått gale, men eg hadde flaks.

Snakk med nokon. Når ein opnar seg finn ein ofte ut at ein ikkje er aleine.

Trenger du noen å snakke med? Disse telefonnumrene er bemannet hele døgnet: