For mange blir ungdomstida slik meir krevjande enn den burde vere, og vi finn dessverre att dei same tendensane i tala for ungdom som har psykiske lidingar og plager.

Undersøkinga er utført ved 18 ungdomsskular på Vestlandet. Resultata stadfestar funn i andre undersøkingar, mellom anna i ungdata.no, og er med på å underbygge inntrykket av at mange unge kjenner på stadig meir press og stress både i skulekvardagen, i fritidsaktivitetar og sosialt.

Det er all grunn til å gå djupare i årsakene til dette. Vi må som samfunn ta større ansvar for både å førebyggje og for å gi hjelp til dei som slit. Til sjuande og sist er dette både eit alvorleg samfunnsproblem og eit symptom på ei samfunnsutvikling som vi ser att spora av i helsekøar og trygdetal.

Psykiske lidingar er eit alvorleg folkehelseproblem, og det er urovekkjande at stadig fleire unge utviklar slike lidingar eller plager. Ein reknar at om lag åtte prosent av barn og unge har ei diagnostiserbar psykisk liding.

Presidenten i Norsk psykologforening skreiv nyleg i ein kronikk i VG at rundt 70.000 i alderen tre til 18 år treng behandling for psykiske vanskar. Han reagerer på at dette ikkje blir møtt med større engasjement blant våre folkevalde.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!

Sjølv lettare psykiske lidingar kan gå ut over trivsel, læring og sosial deltaking. Om ein ikkje tek tak i slike utfordringar tidleg nok, vil ein del av dei dette gjeld utvikle langvarige plager. I verste fall kan det utvikle seg til psykiske sjukdommar som resulterer i uføretrygding og utanforskap.

Helsetenesta er i dag ikkje godt nok rusta til å setje inn tiltak tidleg nok. Det gjeld både førebyggande tiltak, tilgang på tilbod som helsesøster ved skulane og meir spesialisert helsehjelp hos psykolog eller psykiater.

Difor vert terskelen ofte for høg og ventetida for lang for barn og unge som treng hjelp. Mange politikarar og parti seier dette vert prioritert, men det er framleis langt fram før det er like lett å få hjelp for psykiske plager som for ein forstua fot. Det taper både individ og samfunn på.