Hopp til innhold

Gym og framføringar fører til frykt og redsel

BERGEN (NRK): Elevar er redde for å gjera feil i kvardagssituasjonar i skulen. Forskar meiner lærarar treng meir kunnskap om kva som gir elevane psykiske plager.

Elever har gymnastikk

FRYKT: Mange ungdomskuleelevar uttrykker frykt for å gjera feil i gymanstikktimen og under framføringar. Forskarar meiner lærarar treng meir kunnskap. ILLUSTRASJONSFOTO.

Foto: Thomas Brun / NTB scanpix

– Eg blir nervøs når det er mange som ser på meg. Eg kjenner på eit veldig press, og lurar på om folk er nøgd med det eg seier, fortel ei 16 år gamal jente som NRK treff i Bergen sentrum.

Ifølge ny forsking frå Bergen er det mange unge som har det på same måte.

Forskarar ved Uni research helse har gjennomført undersøkingar av over 1700 ungdommar frå ulike delar av landet, og funne ut at ungdom som har angstsymptom som regel har det bra heime, men dårlegare med vener og på skulen.

– Lærarar har heilt sentrale roller for at vi skal kunne redusere folkehelseproblematikken, og unngå at psykiske plager utviklar seg til angst eller depresjon, seier psykologspesialist og forskar Solfrid Raknes.

Slit med framføringar og gym

– Det er minst like viktig å lære elevar korleis ein taklar situasjonar som er kjenslemessig krevjande, som det er å lære rekkefylgja på planetar eller fotosyntesen, seier Raknes.

Gjennom forskingsprosjektet har ho også funne ut at risikoen for å utvikle angstsymptom er fem gongar større dersom ein er jente.

Solfrid Raknes

MÅ TA GREP: Psykolog og forskar Elisabeth Solmunde meiner det er viktig at lærarar fangar opp elevar som slit psykisk.

Foto: Johanna Magdalena Husebye / NRK

– Fleire seier at dei ofte kjenner på frykt og otte i kvardagssituasjonar som når ein har skuleframføringar og gym.

Difor trur Raknes at hjelpetiltak retta mot lærarar vil bidra til at færre ungdommar med psykiske plager opplever at dette utviklar seg til lidingar som angst og depresjon.

Ifølge undersøkinga er 22 prosent av ungdomsskuleelevar engstelege.

Vil ha psykisk helse som fag

– Det er veldig mange i ungdomsalderen som heldt på å trekke seg frå sosial kontakt. Dei unngår augekontakt og vil ikkje snakke høgt i timen. Ofte handlar ikkje dette om manglande motivasjon, men den uroa som er knytt til å få blikk mot seg, seier Raknes.

Eg får ofte panikk og klarer ikkje sei det eg skal, sjølv om eg har øvd på det lenge. Med ein gong eg kjem inn i klasserommet og alle ser på meg, kjennest det som eg mister alt saman. Det er mange som kjenner det på den måten.

Jente, 16 år

– Det er rart at elevar lærer om kor mange ribbein vi har i kroppen og kor mange tenner vi har i munnen, men ikkje kor mange kjensler vi har i hovudet, seier Adrian Lorentsson i organisasjonen Mental Helse Ungdom.

Adrian Lorentsson forteller sin historie til Emma Clare Gabrielsen

VIL HA EIGE FAG: Adrian Lorentsson i organisasjonen Mental Helse Ungdom opplever ofte å møte ungdom med psykiske plager som skulle ønskje dei fekk hjelp tidlegare.

Foto: Kamilla Marie Johnsen / NRK

Dei har i mange år kjempa for å få psykisk helse som eit eige fag i skulen.

– Det er lærarane som møter elevane som slit med dette kvar einaste dag, og det er lærarane som best moglegheit til å oppdage om nokon ikkje har det bra, seier Lorentsson.

– Psykisk helse inn i skulen

Han trur meir kunnskap rundt psykisk helse vil gjere at fleire søker hjelp tidlegare.

Folkehelseinstituttet meiner psykisk helse som eit eige fag kunne vore lurt.

– Det er opp til utdanningsinstitusjonane å vurdere dette, men eit slikt innslag i skulen trur eg er viktig for å kunne forstå psykisk helse, seier fagdirektør for psykisk helse og rus, Simon Øverland.

– Eit samarbeid mellom heim og skule er viktig.