Studiestart ved Universitetet i Bergen (UiB) høsten 2018. Foto: UiB

Kor mykje press skal studentane tåle?

Psykisk helse. Felles for alle studentar er at dei er under press. Eit enormt press.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Hei deg. Du, ny og gammal student. Du som brukar kvardagen din på å tileigne deg kunnskap, du som er framtida i samfunnet. No er faddervekene over, du er i gong med studiekvardagen og eksamenstida nærmar seg. For nye studentar er det kanskje mykje nytt, men for dei som har vore med tidlegare er det attende til ein kvardag som no har begynt å vere normalen. Felles for alle studentar er at dei er under press. Eit enormt press. Eit press som ofte kjem frå andre enn dei sjølv, til dømes forelesarar, medstudentar, eksamensoppgåver eller frå arbeidslivet. Og det fremmar spørsmålet: Kor mykje press skal ein eigentleg tole?

Det er mange som har eit ansvar for studentane i samfunnet. Regjeringa må utforme politikk som støttar og ikkje truar.

Studentleiare på Vestlandet

I år blei det for fyrste gang stilt spørsmål om perfeksjonisme i Studentenes helse og trivselsundersøking. Dette er ein undersøking som omfattar studentar i heile landet og blir gjennomført kvart fjerde år. Der ser me at nær halvparten av studentane i Noreg set svært høge mål for seg sjølv. Ein fjerdedel av studentane hatar å ikkje vere best og ein tredjedel er redde for å skuffe foreldra sine. Dette er skremmande tal. Skal studentar no begynne å pakke med seg press heimefrå oppå det heile? Er dei ikkje under nok press allereie? Perfeksjonisme er korkje målbart eller oppnåeleg, og når me ser at studentane streber etter det “perfekte” må det gå ei varsellampe i samfunnet. Me kan ikkje halde fram med å leggje eit så stort press på våre unge lovande. Dei treng støtte, rettleiing og takhøgde - ikkje eit samfunn som glorifiserer eit uoppnåeleg omgrep.

Difor er det vondt å sjå at regjeringa no kjem med føreslege endringar i statsbudsjettet som vil påverke studentlivet i negativ forstand. Meir press på unge sinn om at ein må prestere og helst velje det «perfekte» studiet med ein gong. Meir økonomisk press som vil skape eit enda større sprik mellom dei «perfekte» som lukkast på fyrste forsøk og dei som har behov for å prøve og feile et par gongar. Regjeringa bør anerkjenne at studentar ikkje treng meir pisking og heller leggje forholda til rette for at det er greit å gjere feil utan at ein får lågare stipend. Me er alle einige om at prestasjonspresset på studentar er for høgt allereie. Dei må ha omsorg, ikkje truslar om økonomiske sanksjonar.

Det er mange som har eit ansvar for studentane i samfunnet. Regjeringa må utforme politikk som støttar og ikkje truar. Heimefrå er det behov for støtte i kvardagen. Arbeidslivet må vere tydelegare på at karakterkortet ikkje betyr alt. Studentar tek ei utdanning av ein grunn, nemleg at dei ynskjer å nytte kunnskapen til noko, så ikkje legg premissar i fanget på dei. Dei er ikkje perfekte og det skal vere lov.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS