– Barn lærer mykje om korleis ta vare på kroppen og den fysiske helsa, men kva veit dei eigentleg om den psykiske helsa si? Sidan fleire og fleire barn fortel at de slit psykisk, vil NRK Super i år ha fokus på barns psykiske helse, seier prosjektleiar Beate Rendahl i ei pressemelding.

Det er fjerde gongen at NRK Super arrangerer temadagar. I fjor handla dagane om seksuelle overgrep, og tidlegare har satsinga teke føre seg skilsmisse og rus, skriv Firdaposten.

Til temadagene blir det blant anna laga to små dramaserier. Den eine er basert på sanne historier frå unge vaksne som sleit psykisk med blant anna depresjon og angst som barn. Den andre serien er skriven av Erlend Loe og skal lære barna om kjensler.

Filmane blir viste på NRK Super og vil ligge på nrksuper.no.

Også skulane skal invoverast i temadagane.

– Barn må lære at det er greitt å vise kjensler og at dei må be om hjelp når dei slit. Då barn si psykiske helse også er dei vaksne sitt ansvar, så håpar vi at lærarar, barnehagetilsette, helsesjukepleiarar, foreldre og andre vaksne set fokus på psykisk helse desse dagane, seier Rendahl i pressemeldinga.

Deler av temadagane vil NRK ha eit samarbeid med Røde Kors, som har tilpassa eit undervisningsopplegg for 5.-7. trinn, som vert send ut til alle landets skular. Røde Kors blir kontakta av stadig fleire barn og unge om utfordringar knytte til kjensler og psykisk helse, og desse plagene aukar blant barn og unge.