Annonse

Fengsla kan ikkje handtere lidingar hos kvar fjerde innsette

Ein av fire innsette i norske fengsel har psykiske lidingar fengsla ikkje har kompetanse til å handtere, viser ei ny kartlegging.

I haust bad Kriminalomsorgsdirektoratet (KDI) fengsla om kartlegginga, skriv Avisa Nordland.

Førespurnaden har resultert i eit brev til justisdepartementet der det blir fastslått at 848 innsette, drygt ein firedel, har psykiske lidingar som fengselstilsette ikkje har kompetanse til å handtere.

- Vi har folk med store åtferdsforstyrringar som likevel ikkje blir sett på som alvorleg sinnslidande. Det er utfordrande for oss å gi dei adekvat oppfølging, seier fengselsleiar Marte Helness i Bodø.

Kartlegginga viser òg at rundt halvparten av norske fengsel ikkje har etablert avtalar med spesialisthelsetenesta om psykisk helsehjelp.

- KDI ser svært alvorleg på situasjonen, og jobbar saman med helsestyresmaktene med ein tiltaksplan for psykisk sjuke generelt, og isolerte spesielt, seier avdelingsdirektør Heidi Bottolfs i KDI.

(©NPK)

848 innsette har psykiske lidingar som fengsla ikkje kan handtere, viser ei kartlegging frå fengsla sjølve.
Foto: Vegard Wivestad Grøtt / NTB scanpix

Annonse
Annonse