Det er særs uheldig at tilbodet Mork rehabiliteringssenter, med den unike kompetansen som ligg i rehabiliteringstilbodet, igjen opplever usikkerheit omkring sin eksistens. Nye Volda Høgre støttar og verdsett engasjementet for rehabiliteringstilbodet eksistens og viktigheita av det.

Ved fylkesårsmøtet til Høgre tidligare i år vart det fremja ein resolusjon som vart vedteken samrøystes, der ein ikkje skulle svekke dagens tilbod, dette omfatta også rehabilitering og psykisk helsevern.

Det er mykje som kan seiast om føretaksmodellen, men inntil det kjem eit betre alternativ, er det den vi har å halde oss til. Helse Førde i nabofylket hadde eit overskot på 60 millionar, medan vi ser helseføretaket i Møre og Romsdal slit. Kanskje det har meir med styring av modellen å gjere, enn sjølve modellen?

Modellen vart fyrste gongen fremja i 2001 av Ap, og godkjend tverpolitisk i Stortinget. Bondevik-regjeringa fekk i oppdrag å innføre modellen av Stortinget, noko som vart gjort i 2002. Modellen har slått godt ut nokre plassar og mindre bra andre plassar.

Føretaka er sjølvstendige rettsobjekt, og kan ikkje verte styrte medan dei handsamar saker. Staten som øvste eigar vil fyrst når vedtak er fatta kunne gripe inn. Nye Volda Høgre vil arbeide for å påverke innan sine kanalar for å endre resultatet, som andre parti vil gjere, om forslag om ta vekk rehabiliteringstenesta vert vedteke.