Regjeringa har teke initiativ til å utarbeide ein «pårørande-strategi» og ber folk kome med innspel til kva dei opplever som viktig.

Dette syns eg er eit godt initiativ! Vi er mange som har ulike erfaringar som pårørande, både til eldre, psykisk sjuke og folk med andre utfordringar og sjukdomar.

KrF meiner heilt klart at pårørande er ein viktig ressurs og at familiane må trekkast inn på ein god måte. Derfor er det positivt å begynne arbeidet med å samle inn kunnskap frå folk som har dyrekjøpt erfaring frå det å vere pårørande.

Eg trur noko av det viktigaste er å ta seg tid til å sjå den pårørande, ha ein samtale som ærleg opplyser om tilstand og sjukdomsutvikling. Gje informasjon om kva som er bra, eller mindre bra, å gjere for nettverket rundt den sjuke, og hjelpe den pårørande til å sette grenser for kva vedkomande bør ta på seg av oppgåver. Alt for ofte ser ein utslitne pårørande som ikkje opplever at dei kan ta ein pause eller seie nei med godt samvit.

Derfor må kommunane vere nøye med å avklare forventningar. Eg hugsar t.d. kor viktig det var for mora mi at det var heimesjukepleia som sa at no var far så sjuk at han burde flytte på sjukeheim, og ikkje ho sjølv. «Kjærleiksgarantien» om at den friskaste kan få bu på rom med den sjuke, har eg lita tru på. Sjølv om den kan vere god for nokon. Men at samfunnet heller har rause ordningar med sørvisskyss eller TT-transport slik at den pårørande kan kome ofte på besøk, har eg stor tru på! Og her vil KrF, gjennom fylkespolitikken, stille opp med prioriterte løyvingar.

Når den sjuke er psykisk sjuk, er utfordringane truleg endå større. Vi har strenge krav til tvangsbruk og teieplikt. Kanskje må ein lempe på dette i pårørande-samtalane, for å gjere den friske i stand til å vere til hjelp? I alle fall må pårørande bli sett, snakka med og gitt fagleg opplysning om situasjonen, og slik få hjelp til å framleis kunne stå i den krevjande pårørande-rolla.

Som fylkespolitikarar vil KrF har eit særskilt auge på denne gruppa, og gjennom dei verkemidla fylkeskommunen rår over, vere med å legge til rette ei trygt «sikkerheitsnett» for pårørande som gjer at dei får krefter til både eige liv og til å halde fram som ein ressurs for den sjuke. KrF vil lytte til dei to fylkeskommunale råda; Fylkeseldrerådet og Råd for menneske med nedsett funksjonsevne.