Psykisk pakkeforløp langt unna målet for barn og unge

Berre 55 prosent av barn og unge som får behandling gjennom pakkeforløp for psykisk helse, vart greidde ut innan tilrådd tid.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det viser ei oversikt som vart lagd fram av Helsedirektoratet fredag.

– Vi er godt på veg, men ikkje heilt i mål, seier helse- og omsorgsminister Bent Høie (H).

Målet er at 80 prosent av pasientane skal greiast ut innan tilrådd tid. I psykisk helsevern for vaksne vart målet nådd for 72 prosent, medan for ruspasientar som får tverrfagleg behandling, var delen 82 prosent.

– Har ein veg å gå

– Resultata viser at mykje er på plass, men òg at vi har ein veg å gå. Eg ventar og har tillit til at målingane blir brukte for å forbetre tenestene til det beste for pasientane, seier Høie.

Rapporten viser resultat av målingar på pakkeforløp for psykisk helse og rus for dei første fire månadene i år. Pakkeforløpet vart innført i 2019.

Målet med ordninga er å gi pasientar eit behandlingsforløp som er heilskapleg og føreseieleg, utan unødig ventetid. Pasienten skal få meir innverknad på behandlinga, og ho skal evaluerast systematisk undervegs.

Torkel Eikevik var med i andre sesong av NRK-serien «Jeg mot meg». Foto: NRK