Regjeringa gir 10 millionar til å styrka den psykiske helsa til studentane

10 millionar kroner skal hjelpa studentar ut av einsemda og isolasjonen under koronapandemien. Det føreslår regjeringa i dag. 

Ein gjeng med studentar står på ein grøn grasplen

STUDENTTILTAK: Forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim og regjeringa føreslår no ei millionløyving som skal få studentar ut av einsemda og isolasjonen. Fadderveka på UiO (biletet) blei også litt amputert i haust på grunn av pandemien.(Arkivfoto)

Foto: Ola Gamst Sæther

Koronapandemien har ført til at mange studentar er meir aleine og får langt mindre sosial kontakt enn i eit vanleg studieår. No foreslår regjeringa 10 millionar kroner ekstra til tiltak som kan bidra til å betre situasjonen.

– Mange har site alt for mykje aleine på hybelen, følgd digitale førelesingar og hatt lite sosial kontakt. Det er klart det tærer på. Eg synest det er vondt å tenkje på at vi ikkje klarer å fange opp alle som kjenner litt ekstra på einsemda, men håpar at desse ekstra millionane kan brukast til å gjere studenttilveret litt betre for fleire, seier forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim (H) i ei pressemelding

Leverer rapport 23. november

Regjeringa har sett ned ei ekspertgruppe som skal kome med forslag til konkrete tiltak og tilrådingar som gjeld eksamen, psykisk helse og gjennomføring av studia. Gruppa skal levere rapporten sin allereie 23. november. Gruppa vert leia av Kunnskapsdepartementet og består av representantar frå Universitets- og høgskulerådet, Fagskulerådet, Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet. Studentane og samskipnadsrådet skal også vere med i arbeidet.

Bestemmer bruken av millionane om to veker

– Vi har hatt jamlege møte med rektorat, studentrepresentantar og sektoren sidan mars. Situasjonen er alvorleg og vi må innstille oss på å leve med strenge tiltak ei god stund til. Derfor formaliserer vi no dette samarbeidet ved å setje saman ei gruppe som skal vurdere og foreslå tiltak raskt. Så får vi sjå korleis vi best kan bruke dei 10 millionane når rapporten kjem om to veker, seier Asheim.  

 
Emneord: Koronavirus, Koronaviruset, Studentforhold, Studentsaker
Publisert 10. nov. 2020 14:11 - Sist endra 10. nov. 2020 14:11
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere