Endret: 29. april 2011
Roger Lundekvam, Gaular Kommune - Intervjustafetten etappe 15.
AKTIV PÅ DAGTID: Roger Lundekvam fremhever "Aktiv på dagtid" som hans kommune er involvert i.

- Fleire bustadar og tiltak for aktivitet

- Fleire bustadar og tiltak for aktivitet

Intervjustafetten "Psykisk helsearbeid Norge rundt". Etappe 15: Gaular kommune.

Navn: Roger Lundekvam

Jobb: Leiar for tenesta for psykisk helsearbeid i Gaular kommune

Utfordret av: Solfrid Andersen, Hyllestad kommune

Sender stafettpinnen videre til: Anne Schei, Naustdal kommune

1)      Skildre kommunen din med tre ord:

Langstrakt naturperle med fossar, fjell og sjø.

2)      Kva er det beste med jobben din?

Det beste med jobben min er at dagane er varierte og at ein treff mange ulike og interessante mennesker.

3)      Og kva er det verste...

Det verste med jobben er å sjå barn som opplever utrygge og vanskelege oppvekstvilkår, når dei næraste omsorgspersonar slit med rus/psykiske lidingar. Det er òg mange menneske som slit med tankar om skuld og skam knytta til det å vere psykisk sjuk, så det er viktig at vi bidrar med haldningsskapande arbeid i samfunnet. Det kan det aldri bli nok av.

4)      Nemn ein ting du meiner kan gjere det psykiske helsearbeidet i kommunene betre:

Vi er på full fart inn i samhandlingsreforma, så det er viktig at kommunane er med på legge føringar for korleis dette skal fungere i praksis. Ellers er det viktig at det blir satsa vidare på bygging av bustader og aktivitetsbaserte tiltak.

5)      Nemn eit tiltak din kommune er involvert i som du vil framheve?

Min kommune er involvert i prosjektet "Aktiv på Dagtid", der trening og sosialt samhald er i fokus.

6)      Kva synes du om at NAPHA har lansert kunnskapsbasen www.psykiskhelsearbeid.no ?

Veldig positivt. Ein lettvint og grei måte å lese seg opp på faget.

7)      Eit anna nettsted du kan anbefale?

Eg vil anbefalle: helsebiblioteket.no , psykiskhelse.no og mentalhelse.no

8)      Gi terningkast til regjeringens innsats for psykisk helse

Terningkast 5. Eg har ei oppfattning av at dei fleste kommunar har fått styrka tenesta si, med auke i personalressursar, auka fagkompetanse og fleire bustadar. Trekket kjem av at midlane ikkje er øyremerka lenger, og det er noko som eg trur kan bli ei utfordring for mange kommunar i framtida som tilstadigheit må bruke "sparekniven".

9)      Kva gjer du sjølv for å ta vare på din psykiske helse?  

Eg bur i ein annan kommune enn eg jobbar i, så eg prøver så langt som råd å ikkje ta jobben med meg heim når eg passerer kommunegrensa. Ellers gjev det meg energi og "ny giv" å vere med barna, vere sosial med venner, høyre musik og trene.

10)   Anbefal ei bok, film eller annen god kultur:

Eg er veldig opptatt av musikk, så konsertar er ein favoritt. Ellers har eg nyleg sett filmen "Kongen av Bastøy". Det var ei uhyggeleg norsk historie om vald, maktmisbruk, utnyttelse og skam. Bøker blir det mindre tid til.

 

 

 

Kommenter:

Mer om

nyheter

Les også

Ingen treff...
Aktuelt
Siste fra Kunnskapsbasen