Endret: 19. august 2011
Anne Schei

-Vi må førebyggje tidlegare

-Vi må førebyggje tidlegare

Intervjustafetten "Psykisk helsearbeid Norge rundt". Etappe 16: Naustdal kommune.

Navn: Anne Schei.

Jobb: Avdelingsleiar psykisk helse/folkehelsekoordinator i Naustdal kommune.

Utfordret av: Roger Lundekvam, Gaular kommune.

Sender stafettpinnen videre til: Anette Bergman, Jølster.

-Skildre kommunen din med tre ord:

-Langstrakt kommune med fjord, fjell og mange moglegheiter.

-Hva er det beste med jobben din?

-Møter mange spennande menneske. Det er lærerikt og utfordrande fordi ein må møte dei på ulike vis.

-Og hva er det verste...

-Det er å sjå born og unge som kan ha det vanskeleg. Det er òg vanskeleg i saker der vi ser at mennesket kunne fått god hjelp og støtte, men der utfordringa er at vedkommande ikkje vil ha kontakt. I nokre situasjonar kjenner ein seg veldig makteslaus.

-Nevn en ting du mener kan gjøre det psykiske helsearbeidet i kommunene bedre:

-Vi må førebyggje tidlegare, og få auka ressursar til dette. Vi må òg ha fleire aktivitetsbaserte tiltak på ulike nivå, som til dømes sosiale møteplassar og tilrettelagde arbeidsplassar.  Bygging av fleire bustader i nærleiken av ulike tenestetilbod og lokalmiljø. Kontinuerleg arbeide med informasjon og openheit rundt psykisk liding. Det er fortsatt mykje skam og skuld rundt dette. Men vi har jo alle ei psykisk helse.

-Nevn et tiltak din kommune er involvert i som du vil framheve?

-Vi har vore tidleg ute med å auke kompetanse på fysisk aktivitet lokalt hos oss. Vi har eit eige opplegg og er aktivt deltakande i Aktiv på dagtid, Førde. Dette samarbeidet og det at vi kan supplere kvarandre er veldig bra.

-Hva synes du om at NAPHA har lansert kunnskapsbasen www.psykiskhelsearbeid.no?

-Veldig bra. Men ein skulle hatt tid til å lese mykje meir.

-Et annet nettsted du kan anbefale?

-Helsebiblioteket.no, psykiskhelse.no og mentalhelse.no.

-Gi terningkast til regjeringens innsats for psykisk helse

-Terningkast 4-5. Er einig i at mange har fått auka ressursar, men mykje gjenstår. Meiner øyremerkinga burde ha fortsatt med ei auke framover,  men fokus på meir førebygging. Eg er spent på samhandlingsreforma og kva som skjer. Lett tilgjengelege tenester er viktig. Vi veit at psykiske helseutfordringar og livsstilsrelaterte utfordringar aukar. Dette krev kompetanse og tid til å følgje opp.

-Hva gjør du selv for å ta vare på din psykiske helse?  

-Eg er avhengig av å halde meg i fysisk form. Brukar naturen mykje til fjellturar, stavgang osv. I tillegg er eg veldig heldig som har to born. Dei er aktive med idrett. Det å følgje dei opp med interesse er den beste oppladinga eg kan ha. Eg er veldig glad i musikk, og lagar treningsprogram til spinningtimar, så eg kosar meg med musikk på øyret når eg er ute og trenar for å få inspirasjon til nye program. I tillegg prøver eg å skape og oppretthalde eit godt arbeidsmiljø. Gode kollegaer er veldig viktig for ivareta psykisk eigenhelse.

-Anbefal en bok, film eller annen god kultur:

-Litt for lite tid til dette, dessverre. Har vel mykje med prioritering å gjere kanskje? Men synes at ”Mamma Mia” filmen var veldig god.

Kommenter:

Mer om

nyheter

Les også

Ingen treff...
Aktuelt
Siste fra Kunnskapsbasen