Endret: 13. februar 2015
HF, Bergen,

HOUSING FIRST I BERGEN: Kvar ligg utfordringane, korleis jobber dei ansatte og hva motiverer dei? Fv.Britt-Kari Halvorsen, Stig Munkvold og Elisabeth Franzen, tre av seks frå teamet i Bergen. (Foto: Siri Bjaarstad/NAPHA).

Bolig først! Korleis gjer dei det?

Bolig først! Korleis gjer dei det?

14 norske kommunar er godt i gang med «Housing First-prosjekt». Korleis går det med prosjekta som tilsynelatande snur alt på hovudet? Vi besøkte teamet i Bergen.

Det er vanskeleg å tenke at fast bustad ikkje skal vere viktig i livet til eit menneske. Desto rarare er det at vi ikkje tenker at eit husvere iallfall må vere viktig for eit menneske som slit med andre ting i livet sitt, som til dømes rus eller psykiske problem. Det er eit paradoks.

Men slik har det vore, og er framleis. Vi har ein tendens til å tenke at ein først må få livet på stell, og deretter kjem «gevinsten», i form av arbeid eller bolig, eller andre grunnleggandes ting. Slik sett er utgangspunktet for Housing First prosjektet på ein måte noko surrealistisk, og derfor har den også snudd det heile på hovudet.

Bolig først

Housing First modellen har vist seg effektiv i å hjelpe bustadslause med alvorlege psykiatridiagnoser og / eller rusproblem til varig bustad. I modellen, som vart utvikla i New York på nittitalet, er recovery og empowerment sentrale begrep. Ein tenker at bustad må ligge til grunn for at personen skal vere i stand til å komme seg, og at fast bustad er med på å styrke personen i denne prosessen.

Valfridom

Personen det gjeld skal i størst mulig grad få velge sjølv kvar han eller ho vil bu, og det skal vere ein mulighet å bu i ein individuell bolig i eit vanleg bumiljø. Bolig skal tildelast på ordinære vilkår, og oppfølginga skal vere knytta til det deltakar opplev er viktig for seg. Det ligg i modellen at deltakar skal møte HF-teamet ein gong i veka.

Deltakaren bestemmer sjølv kva type oppfølging eller støtte han ønsker og har behov for. Dersom det er det han ønsker, vert han tilbydd omfattande rehabilteringstjenester, behandling og oppfølging i boligsituasjonen. Det er ikkje krav om medisinering / behandling av psykiske lidelsar eller opphøyr av rusmiddelbruk, men eit ønske om auka livskvalitet og skadereduksjon, med fokus på deltakaren sine ressursar.  

Positivt menneskesyn

Eit positiv menneskesyn ligg til grunn, der brukeren skal møtes med varme, empati og respekt. Vidare er det fokus på brukermedverknad – det vil mellom anna seie at brukaren sjølv skal bestemme kva hjelp han treng, både med tanke på hyppighet og varighet. Sjølvhjelp og meistring legg mykje av ansvaret over på brukaren. Korleis fungerer dette eigentleg – det er jo snakk om dei mest sårbare av oss i samfunnet, som har vore langvarig psykisk sjuke, og som gjerne har gjennomgripande rusproblematikk. Er det så enkelt å la dei få bestemme, og satse på at varme og empati i samspel med bolig gjer susen?

Housing First i Bergen

Hos Etat for sosiale tenester i Bergen møter vi fire (av seks) engasjerte mennesker, der den eine går litt til og frå, då ein akutt situasjon med pengenød har oppstått. Det ordner seg slik at personen det gjeld får tatt bussen heim.

Elisabeth Franzen, leiar for teamet fortel at dei prøver å strekke seg så langt dei kan, og å vere fleksible.

-Housing First appellerer, fordi vi tenker det er rett metode for at folk skal klare å behalde bustaden sin, og dermed få betre livskvalitet: I metodikken innebygd i «Housing First» er brukaren sin integritet og sine ynskjer tatt på alvor, og vi møter brukaren der han er, seier ho.

Etter å ha funne ein bolig som brukaren vil ha, er hovedspørsmålet kva som skal til for at personen skal kunne fortsette å bu der.

-Altså å møte brukaren på kva han eller ho tenker er ei god løysning for seg.

Kva fungerer?

Britt-Kari Halvorsen fortel at ho søkte jobben fordi ho i sin tidlegare jobb i Utekontakten såg på nært hald korleis det å ikkje ha bolig påverkar eit menneske.

-Det som er unikt i dette prosjektet, er den overordna måten å tenke på, som er: Viss dette er draumen din, så prøver vi! seier Halvorsen.

-Det å bli møtt på draumane sine, i staden for at hjelpeapparatet kjem med alternative muligheter som vi trur er bedre, gjer at personen sjølv etterkvart også kan endre på måla og draumane sine - men då ut frå seg sjølv - fordi han eller ho har kome fram til at det blir bedre på denne måten, fortset ho.

Relasjonen til brukaren er det viktigste - dette er brukarar som har mange brotne relasjonar bak seg, både i det private liv og i helsevesenet - brukarar som ikkje har "passa inn" i dei tilbodene som dei har fått, som til dømes ikkje har klart å følge opp avtaler over tid - og som dermed har blitt avslutta fra hjelpeapparatet si side.

Aktiv lytting for å få inntrykk av kva som er behovet til brukaren, det å spørre og høyre etter, samt å vere tydeleg, er grunnleggande, og det er teamet sitt inntrykk at modellen er dempande på angst, vald og aggresjon.

Stig Munkvold fortel at dei prøver å hjelpe til med å få ein ide til å bli ei handling.

-Vi spør: «Kvar vil du bu?» og «Kva er viktig for deg?» eller «Kva meiner du? Opp i etasjene, eige soverom, eitt-roms, eigen inngang??», sier han.  

Refleksjonen startar der, og dialogen kjem i gang. «Der har eg gode minner ifrå, mens der er for nært eit belasta miljø…ein liten hageflekk kan vere kjekt å ha». Brukaren byrjar allereie her å gjere seg tankar om at dette er meint å vere ein stad der han kan bu over tid.

-Det innerste kjem fram,og hans eigne oppriktige tankar rundt det å bu, vert tydelege, både for han og oss, seier Stig Munkvold.

Utfordringane

-Vi må øve heile tida, på ikkje å ta over! Det er lett å bli overhjelpsam. Det hender at vi gjer oss nokre antagelsar av og til, og det er der vi må minne oss på at vi nettopp ikkje skal gjere det. Vi må tole dei valga enkelte tek som vi ikkje nødvendigvis er einige i, seier Franzen.

Ho fortel om ein person som fekk tildelt ein kommunal leilighet i eit område der mange hadde store utfordringar med rus. Ut frå kva han ynskte seg, fekk han seg etterkvart ein leilighet i eit nabolag der han ville bu. Han slit litt med å finne seg til rette der - dette fordi han ikkje vil vere ein som skil seg ut for mykje, samstundes som han ynskjer å vere ein del av det som er «normalt» der.

-Det valget er det ikkje vi som skal ta! Det er hans leilighet, og det er han som må finne ut av det. Men vi kan drøfte saman med han korleis, og kva som skal til for at hans skal klare å vere det, seier Franzen.

Halvosen skyt inn: Vi må også tørre, å hugse at ting tar tid. Korleis vi møter disse forsøkene, er òg med på å avgjere om det lukkast!

Når det ikkje går så bra, og dersom brukaren likevel må flytte, er «Housing First»-teamet med framleis, og brukaren får forsøke igjen. Det blir viktig å ikkje ha peikefingaren framme, men heller få konstruktive samtaler ut av det – spørre «korleis gjer vi det neste gang?».

-Vi jobbar mykje med å halde engasjementet oppe, og vi prøver å unngå hjelpeordet, også når vi drøftar ting, seier ho.

Dilemmaer

Det vil vere ting ein ikkje alltid kan akseptere eller synes er greit. Halvorsen seier dei likevel må tole å stå i ubehag når det er tema dei kjenner på som ikkje er heilt ok.

Igjen vert den spørrande dialogen eit verktøy: «Kva trur du vil skje då, kva er konsekvensane? Vi kan sjå at det kan føre til. Kva tenker du om det?»

-Vi kan vere med på å lage ein trygghetsplan, der vi reflekterer over kva som er mulige løysninger dersom forskjellige ting skjer. Etter ei stund treng ikkje det vere naudsynt lengre, sier ho.

Om ikkje anna, så set lovverket grenser.

-Om noko strider med lovverket, kan vi måtte gå mot ynskjene til den enkelte, seier Munkvoll.

Brukarmedverknad viker når det er fare for liv og helse, ved vald og trusler og ved graviditet.

Ansvar

Dei ser at det å få valget, også gjer brukaren eit ansvar – og kva om han ikkje klarer det? Men dette er også med på at personen veks, og det kan vere noko som personen ikkje har kjent på, på lang tid. Eit døme kan vere at brukaren sjølv ber kompisane om å ruse seg ein annan stad enn i hans heim.

-Generelt ønsker brukarane å ta ansvar for seg sjølv og sin nye bolig.Vi kan saman med brukaren sjå for oss nokre scenarioer i forkant, og spørre til dømes; «I borettslag eller sameie er det visse reglar; vi veit at det kan vere ei utfordring for deg til dømes å betale regningar i tide – kva skal vi gjere for at du skal klare å overholde fristane?», seier Franzen.

Normerande

Det å bu saman med andre vanlige folk har normativ verknad, ein tenkjer: «Slik gjerast det her, då er det klart at eg også skal kunne gjere det slik!»

-Også vi som fagpersonar må endre våre normer og aktiviserere andre måter å møte utfordringane på; vi må heile tida tenke på sjølvstendiggjering og ikkje ta den enkle løysninga, men jobbe med å skaffe brukeren eigne løysningsmetoder, som kan hjelpe han på lang sikt. Eit konkret døme er busskort, istadenfor å bruke taxi, seier Franzen.

Sjølve boligen

Kva så når det gjeld sjølve boligen – det er vel ikkje så enkelt å finne boliger i boligstrøk som er ledige for utleie til personer som er stigmatiserte i utgangspunktet?

Franzen seier at valgfridomen ikkje alltid er så stor.

-Vi prøver å legge oss så tett opp til modellen som mulig – og nokre gonger betyr det at brukeren får velge mellom to eller fleire boligar. Men han kan alltid si nei, og vente til neste mulighet byr seg, og også be om eit spesifikt område av byen, seier ho.

Dei forsøker på forskjellege måtar å få utleigarar på bana; med åpenhet, trygging på at dei er tilstades, frukostmøter – og nokre gonger kan dei appellere til utleigaren sin sosiale samvittigheit: Tør du bruke to av dine hundre leiligheitar til å gje nokre av våre brukarar muligheten til eit nytt og betre liv?

-Ikkje minst må ein prøve å ikkje vere forutinntatt. Det kan gå svært bra! avslutter Franzen. 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

HOUSING FIRST
  • Metode opprinneleg frå USA
  • Blei utvikla som ein reaksjon på at bostedsløse måtte gjennom botrening, rehabilitering eller behandling før det i det hele tatt blei aktuelt å få tildelt eigen bolig.
  • Housing First gjer det motsatt - dvs startar med å finne ein egnet og god bolig.
  • Dei norske prosjekta er finansiert av Husbanken og Helsedirektoratet
  • Les meir på NAPHAs temaside om Housing First

 

Kommenter:

Mer om

housing.first recovery bolig god.hjelp.i.et.brukerperspektiv praksiseksempler

Les også

Ingen treff...
Aktuelt
Siste fra Kunnskapsbasen