Korleis få eit prosjekt over til ei varig ordning? Korleis få folk frå å sitte på kvar sine nes og sjå i kvar sine retningar, til å samhandle?
RAPPORT: Brit-Marie Follevåg har sett på faktorer som fremjar samhandling og kompetanseheving (Foto: Brit-Marie Follevåg)
RAPPORT: Brit-Marie Follevåg har sett på faktorer som fremjar samhandling og kompetanseheving (Foto: Brit-Marie Follevåg)
Skal ha fokus på utfordringar knytt til samhandlingsreforma. Prosjektet tok til i januar 2011 og varte til august 2012. Tolv kommuner deltok: Askvoll, Fjaler, Naustdal, Solund, Bremanger, Gaular, Høyanger, Førde, Flora, Jølster, Balestrand og Hyllestad.
Kommunane gjekk saman om å søke om finansiering til prosjektet, der målet var å kome i gang med planarbeid for å imøtekomme statlege krav.
Effektmåla var: Bidra til politisk og administrativ forankring, bidra til semje om kva område helsetjenestene skal inngå interkommunalt samarbeid om, bidra til å setje i verk konkrete samarbeidsprosjekt innan prioriterte områder.
Gjennom samhandlingsreforma vert det lagt større vekt på førebygging av sjukdom, tidleg intervensjon, tidleg diagnostisering, behandling og oppfylging. Kommunene har fått større ansvarsområde og nye utfordringar.
Samhandlingsreforma har både pasientperspektiv og økonomisk perspektiv som utgangspunkt for målsettinga. Pasientar skal få koordinerte tenester, og ressursar skal nyttast på effektivt vis. Pasientforløp skal vere prega av heilskapleg innsats i tenesteytinga. Ei utfordring er å utarbeide system som er retta inn mot heilskapen.
Samhandling er hovudtema, som rettar seg inn mot individnivå, systemnivå og fagnivå.
Definisjon i Stortingsmelding nr 47:
"Uttrykk for helse- og omsorgstjenestenes evne til oppgavefordeling seg imellom for å nå felles mål, samt evnen til å gjennomføre oppgavene på en koordinert og rasjonell måte"
(St.meld 47. 2008-2009, s 13).
Brit-Marie Follevåg (Foto: privat)
Dette ville Brit-Marie Follevåg frå Høgskulen i Sogn og Fjordane finne ut av, og ho kom mellom anna fram til at nettverk var eit av verktøya for å få det til. Vidare at samhandlinga bør ha lokalpolitisk forankring, og at deltakarane i samhandlinga bør vere mangfaldig.
Follevåg deltok som observatør i prosjektet "Samhandlingsnettverk innan helsetjenester"», der 12 kommuner i Sunnfjord og Ytre Sogn har vore med. På bakgrunn av det ho observerte og vurderingar ho har gjort seg, har ho skrive ein rapport som er samanfatta under.
Metode, teori og problemstilling
Follevåg ønskte å delta som deltakande observatør på møter på bakgrunn av interesse for korleis diskusjonar, planlegging, organisering og samarbeid kan bidra til endringar. Datamaterialet hennar er i hovudsak dei offisielle referata frå møta og hennar eigne notat frå dialogmøtene, prosjektmøtene og møter i styringsgruppa.
Her noterte ho seg tema som ho meinte var interessante relatert til samhandling og endringar som eventuelt kan sikre varige ordningar. Ho legg følgjande problemstilling til grunn: «Kva for organisatoriske grep kan styrke kompetanse og samarbeid når det gjeld rehabilitering og førebyggande helsearbeid internt og på tvers av kommuner?»
Samhandlingsprosjektet
Stortingsmeldinga om Samhandlingsreforma «Rett behandling – på rett sted – til rett tid» er utgangspunkt for prosjektet, som varte fra januar 2011 til august 2012.
Kommunane skulle imøtekomme Stortingsmelding nr. 47 sine krav om å førebyggje helsesvikt, rehabilitere etter sjukdom og redusere innleggingar i sjukehus. Kommunane vart utfordra på sjølve å finne samarbeidsformer der alle aktørar var med.
Hovedmålet med prosjektet var å vurdere og legge til rette for samarbeid, med utgangspunkt i denne stortingsmeldinga.
Språk og forståing
Dersom ein skal samarbeide må ein forstå kvarandre, bli einige om mål og veien til målene. Follevåg meiner å sjå at kartlegginga prosjektgruppa gjorde, var med på å fremje forståing og bidra til ny forståing, som er vesentlig for å endre praksis.
Med kartlegginga oppnådde ein ei konkretisering og ein heilskapleg oppsummering, og dei subjektive oppfatningane kom fram. Røyndomen kom fram i dei einskilde kommunene, men også kva som var felles på tvers av kommunene. Dette bidro til mellom anna til felles språk mellom dei ulike aktørane.
Kva er kunnskap?
Eit abstrakt, relativt og ikkje minst kontekstuelt begrep, som dei ulike aktørane i prosjektet la forskjellig meining i. Når forståelsen er ulik, syner det seg også at handlingsmønstrene vert ulike når ein skal drøfte korleis pasientane skal få hjelp i forløpet.
Samstundes viser Follevåg til at det er i dette møtet, der dei forskjellige forståingane møter kvarandre, at den einskilde får danna seg ei ny forståing. Gjennom samtaler danner deltakarane ein gjensidig forståing.
Ho trekk fram at dei yrkesgruppene med autorisasjon, som deltek i prosjektet, har i si yrkesutøving makt gjennom sin særeigne kunnskap generelt, og deltaking i prosjektet. Men at erfaringane og kunnskapen som alle andre aktørar sit med, er like vesentlege når ein skal lære, utvikle og styrke samarbeid, og endre praksis. Sentrale aktørar i denne samanheng er pasientar og frivillige lag og interesseorganisasjonar.
Kva med pasientane?
I spesialiserte organisasjonar vert kunnskapsområdene oppdelte, slik at argumentasjonen vert sjølvsagt innanfor det enkelte området. Oppdelte kunnskapsområde, der det vert tenkt likt, kan føre til at forståing, språket og argumentasjonen vert sjølvsagt. Kva då med pasientane, frivillige lag og organisasjonar?
Follevåg viser til Foucault, som seier at dersom ikkje ulike diskursar møtast for å gje kvarandre motstand, freiste å forstå kvarandre og stille spørsmål både ved den andre og seg sjølv, er det den med «størst kapital» som er øvst i hierarkiet og med størst autoritet som vinn fram med sitt syn.
Naturvitenskapen sitt paradigme vil truleg har makt og autoritet i argumentasjon innan medisinsk diskurs, og leger har monopol på den medisinske kunnskapen. Denne kunnskapen kan framstå som truverdig og som den einaste sanne, medan samfunnsvitskapen vektlegg relasjonar og mennesket sin eigen kunnskap om seg sjølv. Her vert argumentasjonen både kontekstuell og ikkje konstant.
Deltakarane i gruppa har påverka kvarandre med sitt språk – saman har dei utvikla ny forståing, ny språkbruk og ny praksis som skal vere gjeldande.
Nettverk er porten til samhandling
Follevåg kjem fram til at samarbeid i nettverk er ein måte å få til samhandling på. Interkommunal samhandling kan løyse ut ressursar, ein lærer av kvarandre og får auka og styrka kunnskap, i tillegg til inspirasjon og entusiasme.
Det kom fram at det allereie eksisterte mange og overlappande nettverk, der ein jobbar med same tema og i liten grad er kjende med kvarande. Det bør leggast vekt på strukturar i organisasjonar og på tvers av organisasjonar, som sikrar samband, samt koordinering som sikrar oversikt over resurssar og ansvarsfordeling.
Ei koordinerande eining er tilråinga frå gruppa for å unngå overlappande nettverk. Dette kan vere tiltaksteam som representerer heile helse-, omsorg- og sosialtenesta.
Felles skjema var eit strukturelt grep for å sikre kontinuitet på tvers av einingane; ein av kommunane har utforma eit skriv som fylgjer pasienten, og eit fast telefonnummer som skal nyttast ved innlegging og utskriving fra institusjon samt ved behov for hjelp i kommunen.
Samhandling bør ha lokalpolitisk forankring
Dersom politikarar ikkje har faglege verdiar innan si forståingsramme, vert det dei økonomiske verdiane dei argumenterer ut frå. Når verdiar og alternative handlingsval ikkje vert løfta høgt nok opp i systemet, og avgjerdslene vert gjort på administrativt / politisk plan, er det fare for at nye tiltak ikkje vert integrerte og varige.
Vidare er legar sentrale i pasientforløpa. Dei fleste kommuner peiker på behovet for fast tilsette legar i helse- og velferdstenesta.
Dersom det er mangfold i dei ulike medlemmane i ei samhandling, vil det gje større og fleire mulighetar enn at alle involverte partar sit på kvart sitt nes og ser i kvar sine retningar.
Follevåg meiner å sjå at det ikkje nødvendigvis er storleik på kommunane som sikrar robuste miljø og sterk kultur, men dialog, heilskap,leiing og strukturar er avgjerande.
Skal ha fokus på utfordringar knytt til samhandlingsreforma. Prosjektet tok til i januar 2011 og varte til august 2012. Tolv kommuner deltok: Askvoll, Fjaler, Naustdal, Solund, Bremanger, Gaular, Høyanger, Førde, Flora, Jølster, Balestrand og Hyllestad.
Kommunane gjekk saman om å søke om finansiering til prosjektet, der målet var å kome i gang med planarbeid for å imøtekomme statlege krav.
Effektmåla var: Bidra til politisk og administrativ forankring, bidra til semje om kva område helsetjenestene skal inngå interkommunalt samarbeid om, bidra til å setje i verk konkrete samarbeidsprosjekt innan prioriterte områder.
Gjennom samhandlingsreforma vert det lagt større vekt på førebygging av sjukdom, tidleg intervensjon, tidleg diagnostisering, behandling og oppfylging. Kommunene har fått større ansvarsområde og nye utfordringar.
Samhandlingsreforma har både pasientperspektiv og økonomisk perspektiv som utgangspunkt for målsettinga. Pasientar skal få koordinerte tenester, og ressursar skal nyttast på effektivt vis. Pasientforløp skal vere prega av heilskapleg innsats i tenesteytinga. Ei utfordring er å utarbeide system som er retta inn mot heilskapen.
Samhandling er hovudtema, som rettar seg inn mot individnivå, systemnivå og fagnivå.
Definisjon i Stortingsmelding nr 47:
"Uttrykk for helse- og omsorgstjenestenes evne til oppgavefordeling seg imellom for å nå felles mål, samt evnen til å gjennomføre oppgavene på en koordinert og rasjonell måte"
(St.meld 47. 2008-2009, s 13).
Brit-Marie Follevåg (Foto: privat)
Det var ett av poengene, da Fremsam, nettverk for helsefremmende samfunn, arrangerte nettverkssamling om bærekraft og folkehelse.
– Vi vil forske på hvordan deltakerne opplever å komme tilbake til arbeidsstedet sitt med «naturen i ryggsekken», sier Lerstein og Jones
– Spesialisthelsetjenesten var god å ha, da midlene rant ut, og kommunene ikke klarte å prioritere å støtte Recovery Ressursbase
– Det kan demme opp for negativ utvikling, både menneskelig og økonomisk, sier Petter A. Linstad, folkehelsekoordinator i Eidskog kommune.
Ansvarlig redaktør: Ellen Hoxmark
Webredaktør: Ragnhild Krogvig Karlsen
NAPHA er en avdeling i
NTNU Samfunnsforskning AS
Skriv og del:
Vil du skrive en artikkel på Napha.no?