Ynskjer behandlingsprogram ut i kommunane

Oppdatert: 03. august 2017
Eid 1 (3070 x 2039)

Med engasjement for samhandling og IMR: F. v. Asbjørg Bjørkedal, Rita Brendefur Espe, Aud Marie Alsaker, Liv Stokkenes Jacobsen, May Kristin Sæther og Torill Nyheim Holvik.

Med engasjement for samhandli...

Ynskjer behandlingsprogram ut i kommunane

Nordfjord psykiatrisenter er så fornøgde med programmet Illness Management and Recovery (IMR) at dei godt kunne tenkje seg å ha kommunane med på laget.

 -Ein pasient sa til dømes at det var den beste behandlinga han nokon gong hadde fått, seier seksjonsleiar May Kristin Sæther ved Nordfjord psykiatrisenter (NPS).

-Kontroll over eige liv

Senteret har i fleire år hjelpt brukarar til å meistre eigen livssituasjon ved å bruke programmet Illness Management and Recovery. Hovudtrekka er at psykoedukasjon ligg i botn, der kunnskap om eigen sjukdom gjer at ein betre kan forutsjå og hindre tilbakefall. Vidare er det fokus på meistring og stress-sårbarhetsmodellen, samt sosiale ferdigheiter, informasjon om medisin og eventuelt etablere gode rutinar for å ta medisin. Behandlinga er lagt opp som gruppebehandling, men kan óg gjennomførast individuelt.

-Det er ingen grunn til dette programmet berre skal bli tilbydd pasientar når dei er tilknytt  spesialisthelsetenesta, seier terapeut og ein av kursleiarane, Aud Marie Alsaker ved Seksjon dag, NPS. 

Difor arrangerte Seksjon dag ein informasjonsdag i vår, slik at kommunane kan vurdere om dei vil satse på denne utdanninga.

-Det er godt å ha nokre verktøy, og vi er ikkje lei av nye metodar - vi må følge med i utviklinga. Vi må også våge å la pasientane få meir kontroll over eige liv. Vi kunne ynskje oss at dette kunne bli eit tilbod i vår kommune, seier Kristin Hopland Svarstad, miljøarbeider ved Furubu i Gloppen kommune.

-Tru på seg sjølv og framtida       

Kari Ann Strand, koordinator i den kommunale oppfølgingstenesta i psykisk helsearbeid i Vanylven, har følgt opp to brukarar som har delteke i programmet ved NPS.

-Den eine fortalde at ho hadde blitt positivt overraska over det å vere i ei gruppe, treffe likesinna og å få tips og råd, men også over kor godt kjent ho vart med seg sjølv. Den andre brukaren fortalde om tryggleik og samhald og at ho har fått meir tru på seg sjølv og framtida, fortel Strand.

For Strand har det vore fint å sjå korleis programmet har verka positivt på brukarane.

-Utfordringa har vore å ha tid til å fylgje opp planen, men det har vore godt å ha nokon å samarbeide med, seier ho.

Samhandlinga med NPS har dessutan gjeve hjelpa ein raud tråd og struktur, legg ho til.

-Ser at det verkar

Den engasjerte gjengen ved Nordfjord psykiatrisenter opplever at brukarane som har delteke i programmet får meir respekt og tru på seg sjølve, og dermed også tek meir ansvar for eigne liv. Ved NPS var det eit ønske frå dei tilsette og leiinga om å jobbe meir recoveryorientert, som var utgangspunktet for deira satsing på IMR, seier seniorrådgjevar Liv Stokkenes Jacobsen.

-Vi opplevde også at vi mangla eit verktøy når det gjaldt dei som hadde dei største hjelpebehova. No har vi det, og vi ser at det verkar. Den medisinske tradisjonen kan ha vore med på å skape ein offerrolle hos pasientane våre. Ein recoveryorientert tilnærming tek på ein god måte tak i den friske sida hos pasienten, seier seksjonsleiar May Kristin Sæther.

Også for dei kommunane som ikkje vel å ta i bruk denne metoden er det viktig at dei kjenner til kva som skjer medan pasienten får denne behandlinga på NPS, då dei kommunalt tilsette kan vere viktige støttespelarar for pasienten gjennom programmet, seier Aud Marie Alsaker.

Standardisert manual og recovery

IMR tek utgangspunkt i ein standardisert manual, korleis passar recovery inn i dette?

- Det er kursleiarane som styrer tema, men det er pasientane sine mål og erfaringar som er viktige, og det at dei lærer av kvarandre i gruppa. Målet er å få ein betre kvardag med auka livskvalitet, seier kursleiar Torll Nyheim Holvik. 

Illness Management and Recovery (IMR)

Illness Management and Recovery (IMR)

  • Behandlingsprogram utvikla opprinneleg for psykoselidelsar og bipolare lidelsar, men alle med psykiske utfordringar kan delta.
  • Omfattar ein serie vekentlege samlingar som til saman utgjer ca 40 timar. Her går ein gjennom 11 modular med fast struktur.

IMR i Norge

  • Ca 12 DPS og 10 kommunar jobbar i dag med IMR.
  •  For informasjon om IMR ta kontakt med IMR-teamet ved Nordfjord Psykiatrisenter, ved IMR-koordinator RIta Brendefur Espe, tlf 578 64330, epost rita.kristin.brendefur.espe@helse-forde.no.   
  •  Nasjonalt nettverk for IMR er i ei oppstartfase.
  • For opplæring og oppstart av IMR kan ein ta kontakt med Aud Marie Alsaker, som sit i styret i det nasjonale nettverket for IMR. Tlf nr 488 64 239, epost: aud-marie.alsaker@vagsoy.kommune.no. 

 

Kommenter:

Mer om

samhandling behandling.i.psykisk.helsearbeid kompetanseutvikling brukere.med.omfattende.tjenestebehov nyheter

Les også

Ingen treff...
Aktuelt
Siste fra Kunnskapsbasen