Endret: 03. juni 2019
bjørli

AKTUELT:- Vi har alle ei psykisk helse. Og for å seie det med mitt språk som lekmann på området: Ingen av oss er heilt i vater heile tida, seier ordfører i Eid kommune, Alfred Bjørlo. (FOTO: Privat)

-Folkehelse er populær politikk!

-Folkehelse er populær politikk!

Ordfører i Eid kommune i Sogn og Fjordane, Alfred Bjørlo, tenkjer at folkehelse er noko av det aller viktigaste dei driv med. Dette er ei rettesnor i all hans ordførargjerning.

-Vi er opptekne av at det skal vere «helse i alt vi gjer», seier Bjørlo.

-Vårt mål er å hjelpe folk, i størst mogleg grad, til å meistre sine eigne liv. Og vi vil ikkje trekke unødige skilje mellom fysisk og psykisk helse. Vi har berre éi helse. Det fysiske og psykiske fungerer, eller fungerer ikkje, saman.

I Eid kommuna har ein dei siste åra styrka satsinga på folkehelse-tiltak på brei front, med særskilt blikk på tiltak som treff utsette grupper.

Låner ut friluftsutstyr, satsar på nærturløyper

-Vi har fått på plass ei svært vellukka BUA-ordning (gratis utlån av frilufts- og sportsutstyr), oppretta frisklivssentral, satsa mykje på nærmiljøanlegg og nærturløyper, og arbeider no med eit tettstadprosjekt der betre folkehelse er eitt av måla, konstaterer Bjørlo.

Han er oppteken av at det skal vere folkehelse i alt dei gjer, og at det må inngå i all kommunal aktivitet. Han tenkjer òg at folkehelse (og psykisk helse i folkehelsearbeidet) er noko folk er interesserte i, i kommunen.

-Vi opplever at mykje av det vi har gjort innanfor folkehelse på eit lågterskeltilbod, til dømes BUA, frisklivssentral, samarbeid med frivillige lag og organisasjonar, er populære tiltak som ikkje er vanskelege å forsvare utad, verken fagleg eller politisk, seier ordføraren.

-Ei vinn-vinn oppskrift!

-Tiltaka krev relativt små midlar samanlikna med mykje anna, samtidig som det er gode statlege støtteordningar, mulig med spelemiddelfinansiering etc.

Ordføraren legg vekt på at tiltaka som skaper god folkehelse, også er god tettstadutvikling og bra for miljøet.

-Å satse på folkehelse er ei vinn-vinn oppskrift! Noko eg tenkjer det er bra for alle kommunar å satse på.

-Kompetansen trengs tidleg og breitt

For Bjørlo er det viktig at kommunen har eit godt psykisk helsetilbod. Og han er stolt av kva dei får til i Eid, på dette feltet.

-Eid har eit sterkt samla fagmiljø på psykisk helse. Vi er vertskommune for både Nordfjord psykiatrisenter (NPS) og BUP Nordfjord, og har nært samarbeid med både NPS og dei andre kommunane i Nordfjord innanfor psykiatri.

Ein har både kommunepsykolog, uteteam og psykisk helseteam i kommunen.

-Og vi har høvesmessig mange sjukepleiarar med psykisk fagutdanning. Kompetansen til dei tilsette trengs tidleg og breitt, for å sikre at færrast mogleg treng «tung hjelp» i behandling, når hjelpa kjem for seint, seier Bjørlo.

Ser fysisk og psykisk helse under eitt

Han fortel at psykisk helseteam dei siste åra har fått eit nærare samarbeid med skulane og skulehelsetenesta.

-Dei skal til dømes kome inn i ansvarsgrupper tidlegare, ha faste dagar/timar i ungdomsskule og vgs. og rettleiande rolle i barneskulen. Dei siste åra har vi jobba systematisk med å flytte fokus i helsearbeidet i kommunen frå behandling til førebygging, til å tenkje heilskapleg, kome tidleg inn og sjå fysisk og psykisk helse under eitt.

-Noregs fyrste «pakkeforløp» på medisinsk avstandsoppfølging, psykisk helse på kommuneni

I Eid har ein hatt stor nytte av tenkinga i Stortingsmeldinga om primærhelsetenester i arbeidet med å fornye tenester og strategiar.

-Vi har lagt opp samla løp for å få tenester til å jobbe meir på tvers, til dømes det vi kallar «Sjumilssteget» som går frå spedbarnsalder til langt opp i skulealder, og ei kraftig styrka skulehelseteneste.

Eid er pilotkommune nasjonalt, på både medisinsk avstandsoppfølging og primærhelseteam (forsterka legekontor med sjukepleiarar).

-Ingen er heilt i vater heile tida..

-I begge desse prosjekta tenkjer vi psykisk helse på line med fysisk helse. Vi har mellom anna som del av desse prosjekta laga Noregs fyrste «pakkeforløp» på medisinsk avstandsoppfølging innanfor psykisk helse på kommunenivå, seier Bjørlo.

Før han avrundar:

- Vi har alle ei psykisk helse. Og for å seie det med mitt språk som lekmann på området: Ingen av oss er heilt i vater heile tida..

 

 

 

 

 

 

 

Ordfører Bjørlos tips til personar som arbeider innan psykisk helsearbeid, og vil at deira idear og tiltak skal prioriterast i ein kommune
  1. Fyrst og fremst: Sjå dykk sjølve som del av ei samla helsetjeneste, ikkje bli for «spesielle». Ver positive til tverrfaglegheit.
  2. Kom inn i andre tenester i kommunen og la andre få samarbeide med dykk!
  3. Sørg for at kommunen (politikarane og kommuneleiinga) gjer psykisk helse til ein integrert del av helsearbeidet heilt frå starten av, i kommuneplan, helse- og omsorgsplan, oppvekstplan etc.

Kommenter:

Mer om

folkehelse helsefremming.og.forebygging

Les også

Ingen treff...
Aktuelt
Siste fra Kunnskapsbasen